Bokbad om villsau

Forfattar Hilde Buer er sauebonde.
Forfattar Hilde Buer er sauebonde.
Torsdag 22. oktober kjem sauebonde og forfattar Hilde Buer til Heimen på Hauge for å halde foredrag.

Foredraget startar klokka 18.00.

Hilde Buer har vore sauebonde i mange år.

Hundrevis i Værlandet
Hilde Buer har base i Værlandet, men er opphavleg frå Os ved Bergen. I øyriket vest for Askvoll har ho hundrevis av sauar gåande i utmarka.

Boka ho skal snakke om på Hauge handlar om eitt av dei eldste og mest utbreidde husdyra vi har her i landet. Tittelen på boka er «Snakk med sauen – ei handbok i sauekviskring».

I Bremanger er det mange som driv med sau så dette bør vere interessant for fleire. Buer seier ho har vore mykje i kommunen vår, og at ho veit at her er det mykje saudehald:

– Du ser det på kulturlandskapet, at gardane er stelte og fine. Det er stor skilnad på dei som har sau og dei bruka som ikkje har det, forklarar ho.

Forfattaren seier at sauar er både sosiale og intelligente.

Frå vikingtida
Den norske bonden har hatt sau i fleire tusen år. I vikingtida til dømes, laga ein klede og skinnfellar av dette husdyret. I dag finst det fleire tusen sauerasar internasjonalt, og eit titals her heime. Vi har alle sett dei langs vegen eller på fjellet. I boka spør Buer kor godt vi eigentleg kjenner dette intelligente og sosiale dyret?

– Har du nokon gong møtt blikket til ein sau, og lurt på kva han prøver å fortelje deg, spør ho.

Buer seier at sauen er eitt av dei eldste og mest utbreidde husdyra på Vestlandet, men at mange ikkje kjenner dette husdyret særleg godt.

Forfattaren har stor glede av sauane sine.

Boka tilbyr kunnskap
I den nye boka, som er publisert på Skald forlag, går forfattaren inn i rolla som sauebonde og sauekviskrar. Slik tar ho lesaren med inn i verda til sauen. Det vil ho fortelje meir om i foredraget.

Boka samlar den nyaste forskinga med kunnskap om stell, miljø, beite, helse og dyrevelferd, og knyter det til praktiske situasjonar på garden og i utmarka. Forfattaren er særleg opptatt av åtferd:

– Sauen gir stadig små signal om kva han treng, og korleis han har det. Når vi lærer å lese desse teikna og byggjer tillit, kan vi redusere både tvang og unødvendig stress for dyr og menneske, seier ho.

Heimen på Hauge altså, torsdag 22. oktober klokka 18.00.

Her er ho i utmarka på Værlandet.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.