Mange nominerte til Eldsjelprisen

Norvall Klungresæter er kultursjef i Bremanger.
Norvall Klungresæter er kultursjef i Bremanger.

Kultursjef Norvall Klungresæter fortel at i år er det fleire gode kandidatar.

Prisen går til ein person, lag eller organisasjon i Bremanger kommune som har utmerka seg gjennom mange år.

– I retningslinjene står det at prisen er ei takk og ei markering til den eller dei som i nærmiljøet sitt har vist engasjement for eit lag, ein organisasjon eller for andre menneske rundt seg, seier kultursjefen.

Honnør til dei frivillige
Klungresæter seier prisen handlar om den uunnverlege innsatsen frivillige står for, og seier dette er eit gode for nærmiljø, kommune, næringsliv og einskild-individet, og derfor viktig i lokalsamfunnet.
Dette er vinnarane av prisen så langt:

  • Bjørg H. Didriksen for arbeidet med Svelgen samfunnshus, 2017.
  • Underhaldningsgruppa til Svelgen Pensjonistlag, 2019.
  • Marilyn Ulvestad for miljøengasjementet sitt, 2021.
  • Roger Igland for bygdeutvikling i ytre, 2023.

Lista med kandidatar
Her er lista med dei skriftlege forslag kommunen har fått inn denne hausten:

  • Liv Marit Bøen.
  • Roald Nigardsøy.
  • Elsa Johanne Sande.
  • Jannicke Brenden Frøyen.
  • Gunvald Sundsøy.
  • Jarle Grotle.
  • Jon Atle Rise.
  • Rolf Dombestein.
  • Jørntunet v/Jens Sigdestad.
  • Berle Grendalag v/Anne Kristoffersen og Anne Lise Ødegård.
  • Jostein Eimhjellen.
  • Kalvåg Kystlag.

Eldsjelprisen for 2025 blir delt ut av ordføraren mot slutten av året.