Gode Bremanger

Bremanger kommune ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Her bur dei omlag 3 400 innbyggjarane spreidde ut over fleire idylliske grender, frå hav til bre. Du kan bli ein av oss!

Eit sterkt lokalsamfunn med blikket framover

Industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Du har kanskje høyrt om Hornelen, Ålfotbreen eller legendariske Vetvika ut mot storhavet? Eller Knutholmen og Kalvåg?

Fråflytting er eit problem i mange små kommunar, og slik er det også hos oss. Derfor har vi sett av 10 millionar kroner per år til ulike rekrutteringstiltak som skal gjere Bremanger til ein god plass å leve og bu.

Kan vi freiste med ein opptur?

Sjå vår gode rekrutteringspakke

200.000 i bustadtilskot

Bremanger kommune tilbyr 200 000 kr i bustadtilskot for førstegongsetablerarar under 50 år.

Sletting av 25.000
studiekroner i året

Den statlege støtteordninga slettar 25 000 kr av studiegjelda kvart år for di som vil bu i Bremanger. Ordninga skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar.

Årleg tilskot på 30.000 til nytilsette

Bremanger kommune tilbyr ein økonomisk startpakke for nye arbeidstakarar som vert tilsett i kommunal stilling.

Startpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år, totalt kr. 150 000,-.

Gratis barnehage

Gratis barnehageplass i alle barnehagane i kommunen. Det einaste ein betalar er kostpengar.

Fritid for ein kvar!

I Bremanger får alle barn og unge mellom 6 og 18 år eit fritidskort på 2200 kroner i året. Vi gjer det rett og slett enkelt å bli med i idrett, kulturskule og andre fritidsaktivitetar.

Vil du arbeide men ikkje flytte hit?

Bremanger kommune har særleg behov for helsepersonell.

Om du ikkje vil flytte til kommunen tilbyr vi ein fordelaktig turnus og billig plass å bu medan ein arbeider her. I tillegg reisetilskot, fleksible arbeidstider og varierte arbeidsoppgåver.

Klar for eit nytt kapittel i Bremanger?

Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande prat om moglegheitene som ventar. Vi hjelper deg gjerne med alt frå jobb og bustad til praktisk flytting. Velkomen til Bremanger, her kan draumen bli verkeleg!