Mange lurer på om det er korte eller lange avstandar i Bremanger. Svaret er at avstandane ikkje er så mykje lenger enn andre stadar.
Nærmare enn du trur
Frå Kalvåg kan du vere på Karl Johan i løpet av tre timar. Båten frå Smørhamn til Florø tar ein halvtime. Deretter er det ein time med fly til Gardermoen.
Båten går også til Strandkaien i Bergen sentrum, og brukar fire timar dit.
Bergen - Bremanger
timar
0
Trondheim - Bremanger
timar
0
Oslo - Bremanger
timar
0
Foto: Sol Fure
Ikkje lenger enn til andre stadar
Vi snakkar gjerne om 45-minuttsregionen. Det betyr at det meste du treng er innanfor rekkevidde om ein køyrer bil i ca. 45 minutt til Sunnfjord eller Nordfjord.
Svelgen - Florø
minutt
0
Svelgen - Måløy
minutt
0
Svelgen - Nordfjordeid
minutt
0
Svelgen - Førde
minutt
0
Svelgen - Stryn
minutt
0
Svelgen - Volda
minutt
0
Svelgen - Sogndal
minutt
0
Eit pendlarfolk
Pendling i kommunen tek sjeldan meir enn ein time med bil, sjølv frå den eine til den andre sida av kommunen. Dette gjer det enkelt å bu der du trivst best og jobbe der det er behov, utan for lang reisetid.
Kjelkenes - Svelgen
minutt
0
Ålfoten - Svelgen
minutt
0
Berle - Svelgen
minutt
0
Davik - Svelgen
minutt
0
Botnane - Svelgen
minutt
0
Kalvåg - Svelgen
minutt
0
Ekte ferjemenneskje
Enten elskar du, eller så hatar du ferjene. Eller kanskje det er meir eit elsk-hat-forhold? På nordsida av kommunen er det ikkje til å unngå, men om du kjem frå sør slepp du å tenkje på ferjene.
Stårheim–Isane går omtrent kvart 40. / 50. minutt. Siste ferja herifrå går 22.35 kvar dag. Måløy–Oldeide går sjeldnare enn kvar time, og tek omtrent 35 minutt over fjorden. Siste ferja går 21.45 i kvardagar og 22.20 laurdag og søndag.
Ferjene har døgnope sjølvbetjent kiosk, så kjøp deg ei svele medan du «cruisar» over fjorden!
Reduserte flyprisar
Billettprisen på dei såkalla FOT-rutene gjekk ned med nesten 50 prosent våren 2024. Skal du reise Oslo – Florø med fly kan du få billettar ned mot 500 kroner. Danish Air Transport flyr på denne ruta.
Vi har også fått halverte ferjeprisar dei seinare åra på dei to sambanda Stårheim – Isane og Måløy – Oldeide. Her har regjeringa og fylkeskommunen jobba saman for å redusere prisane. Som passasjer reiser du gratis. Skal du ha med bilen kostar dette under hundre kroner per tur.