Friluftsliv og idrett
Bremanger har eit vell av store og små foreiningar, og eit aktivt idrettsliv i dei største bygdene.


Sport for alle
Vi har seks ulike idrettslag spreidd over heile kommunen, så her får du trent uansett kvar du bur! Fotball står sterkt, og i det siste har det vakse fram små miljø rundt golf-simulator og sendebrett-sport (Frisbee).

Hopp i havet!
Kva er ein kystkommune utan badestrender? Du finn vakre strender sentralt i Kalvåg, Bremangerbygda og Svelgen, men også så avsides som i veglause Vetvika!

Treningssenter
Treningssenter er ein viktig del av kvardagen for mange, og her har vi både nytt utstyr og god stemning. Du kan trene på Frysa gym i Iglandsvik Næringspark, Ålfoten treningssenter, Svelgen Idrettshall eller i kjellaren på Bremanger Fjordhotell.

Klatring
Klatring ute i frisk luft er ei fin oppleving, og her har vi både boltra og uboltra ruter. Du kan også prøve deg på buldring ute i naturen i Ålfoten, eller innandørs i Svelgen.
Vi har klatreruter for både nybyrjarar og ekspertar. For dei minste har vi Mestringsgarden klatrepark på Nesbø.

Skytebane og jakt
Bremanger er kjent for å ha minst like mykje hjort som innbyggjarar. Og det er ikkje ein dårleg vits om kor få innbyggjarar vi er, vi meiner det!
Vi har mange utandørs og innandørs skytebaner for både rifle og pistol. Ser du etter jaktfellesskap så finn du garantert det på skytebana.