Opplevingar
Bremanger er særleg kjent for dei mange fjella og for usedvanleg geologi. Dei bratte fjella har gitt oss fornybar energi og naturopplevingar, og i steinen har vi funne teikn frå menneskja som var her lenge før oss.
Om du vil oppleve det som er 100 prosent unikt for området er det dette vi anbefaler!

Hornelen (860 m.o.h.)
Hornelen er kjent som heksefjellet. Vi har ikkje sett hekser på fjellet på ei stund, så no er det hovudsakleg ein uforgløymeleg tur. Sjøklippa har brattare og slakkare sidar, og du kan enten gå eller klatre opp!
Vetvika
Vetvika er ei skjult perle. Denne veglause vika må du enten gå eller ta båt til. Her må du verkeleg jobbe for utsikta!
Grotlesanden
Denne krittkvite stranda har plassert Bremanger på kartet for mange. Her, ved enden av fylkesvegen, kan du slappe av i den krittkvite sanden!
Vingen
Våre ikoniske helleristningar ligg der dei alltid har lege: i Vingen ved Frøysjøen. Med guide og båt er det ingen problem å sjå desse fleire tusen år gamle verna kunstverka.
Ålfotbreen
Ålfotbreen landskapsvernområde omfattar eit av dei mest nedbørsrike område i landet, og den vestlegaste og mest havpåverka isbreen vår.
Keipen (1300 meter)
Keipen (1300 moh) er eit av dei høgaste fjella i Bremanger. Frå toppen er utsikta spektakulær.

Vil du vite meir om desse turane?
Kommunen tilbyr informasjon om turane som treng litt planlegging. Du får også vite om historia til staden, startpunkt og det som gjer turane unike.
God tur!