Open søknad

Om du ikkje har funne den rette jobben for deg utlyst, har vi nokre alternative løysingar. 

Tilflyttarkontoret er her for å hjelpe deg å kome i kontakt med aktuelle bedrifter i kommunen!

I tillegg kan Heia Nordfjord-nettverket setje deg i kontakt med bedrifter i regionen som er i  pendleavstand frå Bremanger. 

Tre smilande helsearbeidarar står ved ei tralle i ein sjukeheim, og noterer i ei notatbok. Foto.
Dag Nestegard held armane i kross og smiler. Han har på seg hovudtelefonar og har ein mikrofon framføre seg. Foto.

Tilflyttarkontoret

Prosjektleiar Dag H. Nestegard har kontroll på næring og kompetansebehov i bedriftene rundt om. 

Har du spesialkompetanse? Vi undersøkjer kor du er ettertrakta!

Ta kontakt for ein uforpliktande prat!

Mann, kvinne og tre barn i våtdrakt smiler og ler medan dei spring på ei sandstrand. Vatnet plaskar opp rundt dei. Foto.

Heia Nordfjord-nettverket

Heia Nordfjord er heile Nordfjord sin «matchmaker» – dei matchar dei som er meldt seg inn (det er forhåpentlegvis deg) og bedriftene som ser etter nokon som deg!

Slik fungerer det

  1. Du registrerer deg og fortel litt om kven du er og kva du vil drive med.
  2. Nordfjordkompaniet leitar rundt i Heia Nordfjord-nettverket etter bedrifter som treng ein som deg!
  3. Du blir spurt om Nordfjordkompaniet kan dele din kontaktinformasjon.
  4. Du seier ja, og får enkelt kontakt med bedrifta!