Ordføraren er forsiktig optimist, og seier den kraftige rekutteringspakken truleg er ein viktig del av forklaringa på kvifor folketalet i kommunen aukar. I første kvartal auka folketalet med 21 personar.
Pakke på ti millionar
Kommunestyret i Bremanger har vedtatt ein rekrutteringspakke der ein skal bruke ti millionar kroner i året på auka tilflytting. Eit tilflyttarkontor er etablert, og ein nettstad under overskrifta Gode Bremanger.
– På nettsida til Gode Bremanger kan ein finne meir informasjon om alt det Bremanger tilbyr dei som vil flytte hit, seier ordføraren.
Nærmar seg 3.400 innbyggarar
Folketalet i Bremanger nærmar seg no 3.400 innbyggarar. Det eksakte talet frå Statistisk Sentralbyrå for andre kvartal 2025 er 3.391 fastbuande i kommunen.
– Bremanger er ein kraftkommune, og slik sett er vi heldigare enn mange andre kommunar. Men her får vi ingenting gratis. Utfordringane med demografi ligg der, og innsatsen med å auke folketalet held fram. Skal vi lykkast, må vi ikkje berre vere attraktive for dei som vil flytte hit – vi må òg sikre fleire nye og framtidsretta arbeidsplassar basert på våre naturgitte fortrinn. Med hav, fjell og kraftressursar har vi store moglegheiter til å byggje berekraftige arbeidsplassar som kan gje både unge og etablerte grunn til å satse på Bremanger, avsluttar Førde.
Kjelde: Kommunefakta – SSB