Bli kjent med bygdene

Bremanger er ein langstrakt kommune på grensa mellom Sunnfjord og Nordfjord. Våre bygder er heilt unike, og byr på ulike ting.

To personar i kvar sin kayak padlar forbi eit stort tradisjonelt naust. Foto.
Ein tynn snirklete veg svingar rundt fargerike naust og kvite hus. Leidningane frå lyktestolpene følgjer vegen. Foto.

Frå kyst til fjell

Kommunen består av fleire grender og bygdesamfunn, og folk brukar ofte å skilje mellom «ytre» og «indre» Bremanger – frå kyst til fjell.

I ytre nemner vi Botnane, Bremangerbygda, Berle og Kalvåg. Midt i kommunen ligg Midtgulen med fleire fjordarmar kor det bur folk. I Nordfjord-delen er både Davik og Ålfoten livskraftige bygder.

Svelgen er den største tettstaden, og  kommunesenter. 

Svelgen

Industristaden Svelgen er kommunesenter. Idrett har alltid vore viktig for Svelgen, og du finn oss ofte ved Samfunnshuset og Kulturhuset Realen.

Kalvåg

Turistplassen Kalvåg er kjent for Knutholmen som er ei drivkraft i bygda. Her er kunst viktig og Oddvar Torsheim sitt galleri ligg i sentrum.

Davik

På Davik har vi eit aktivt båtliv og Davik Fjordparadis er ei viktig scene for kulturlivet i kommunen.

Ålfoten

Ein tettstad med bre og fjord. Her er det godt samhald mellom naboar gjennom Liv og Lyst, og vi møter kvarandre ofte på tur eller ved Hjortegarden.

Berle

Gjennom Berleporten kjem du til Berle. Her kjem du tett på heksefjellet Hornelen.

Bremangerbygda

På veg mot Grotlesanden køyrer du gjennom eit aktivt kulturliv med Heimen Kulturhus og kaféliv på Farmen. Kanskje du høyrer lyden av rockklubben eller ser bandet Oddny?

Botnane

Botnane er eit historisk lokalsamfunn med eigen diktarsti og 3000 år gamle gravrøyser.

Midtgulen

I Midtgulen bur vi meir spreidd, men møter kvarandre på forsamlingshuset Trudvang.

Rugsund - Leirgulen

Rugsund gamle handelsstad var eit viktig stopp på ruta mellom Bergen og Nordfjord. Frå Leirgulen kan du ta båten direkte til Bergen.