Jannike fekk Eldsjelprisen

Ordføraren delte ut Eldsjelprisen på det siste kommunestyremøte før jul.
Ordføraren delte ut Eldsjelprisen på det siste kommunestyremøte før jul.

Jannike Brenden Frøyen frå Kalvåg får Eldsjelprisen frå Bremanger kommune for 2025. Utdelinga skjedde på det siste kommunestyremøte før jul.

I grunngjevinga som følgde forslaget heiter det at Jannike har organisert og medverka til eit omfattande frivillig arbeid i kommunen gjennom mange år.

Keipen Turlag
Kalvåg kystlag er nemnt, og andre organisasjonar vinnaren har vore aktiv i. Likevel er det som ordføraren sa i grunngjevinga at det kanskje er rolla som leiar for Keipen Turlag Jannike er mest kjend for. Ordføraren la vekt på at samarbeidet med turlaget og leiaren har vore godt heile vegen:

– Vi har samarbeidd om verdsdagen for psykisk helse, om tur til Veten og ei rekke andre arrangement. Alt dette har vore relativt enkelt å få til fordi du er lett å samarbeide med. Vi set umåteleg stor pris på deg som leiar av turlaget, og den gjengen du har med deg der.

Trivst med dugnad
Jannike Brenden Frøyen kvitterte med å vise til at ho frå eigen oppvekst har vore vand med å vere med på dugnad:

– Det var både overraskande og gledeleg å få prisen. Samtidig vil eg seie at det er viktig å stå opp for den kommunen vi bur i, og ta i eit tak. Personleg trivst eg veldig godt med det. Til dei som lurer på om dei skal engasjere seg vil eg seie at alt du bidrar med er eit pluss. Om du vil male ei fjøl, eller slå i ein planke, er alt eit bidrag.

Foreslått av fleire
Det var totalt 11 nominerte kandidatar til Eldsjelprisen denne gongen. Jannicke Brenden Frøyen var foreslått av fleire, og peika seg ut som ein verdig vinnar, heiter det i grunngjevinga frå formannskapet.

Prisen er eit diplom, og ein pengesum på 10.000 kroner.

Vi gratulerer!