Friluftsliv og idrett

Bremanger har eit vell av store og små foreiningar, og eit aktivt idrettsliv i dei største bygdene.

Tre kvinner trener på kvar sin tredemølle. Kvinna i midten smiler til den til høgre i fotografiet. Kragen på t-skjorta hennar er våt. Foto.
Unge jenter i blå og i grøn drakt speler fotballkamp. Hestehalane hoppar medan dei spring etter ein ball i sprett. Ein vaksen dommar følgjer med. Foto.

Sport for alle

Vi har seks ulike idrettslag spreidd over heile kommunen, så her får du trent uansett kvar du bur! Fotball står sterkt, og i det siste har det vakse fram små miljø rundt golf-simulator og sendebrett-sport (Frisbee).

Kvinne i våtdrakt er midt i eit hopp i sjøen. Ho strekker armane bak seg. Fotografiet har kystlandskap i bakgrunnen, og i mellomgrunnen ligg det eit SUP-brett. Foto.

Hopp i havet!

Kva er ein kystkommune utan badestrender? Du finn vakre strender sentralt i Kalvåg, Bremangerbygda og Svelgen, men også så avsides som i  veglause Vetvika!

Kvinne smiler med ei hand på hofta. På t-skjorta hennar er logoen til Frysa Gym. Ho står framføre eit vindauge, der det står ein blå og kvit fiskebåt. Foto.

Treningssenter

Treningssenter er ein viktig del av kvardagen for mange, og her har vi både nytt utstyr og god stemning. Du kan trene på Frysa gym i Iglandsvik Næringspark, Ålfoten treningssenter, Svelgen Idrettshall eller i kjellaren på Bremanger Fjordhotell.

Ung kvinne held eit born i handa og hjelper han balansere på ei line i klatreparken på Nesbø, Bremanger. Foto.

Klatring

 Klatring ute i frisk luft er ei fin oppleving, og her har vi både boltra og uboltra ruter. Du kan også prøve deg på buldring ute i naturen i Ålfoten, eller innandørs i Svelgen.

Vi har klatreruter for både nybyrjarar og ekspertar. For dei minste har vi Mestringsgarden klatrepark på Nesbø. 

Nærbilete av ein hjort med fjell i bakgrunnen. Den er øremerka og står framom resten av flokken. Foto.

Skytebane og jakt

Bremanger er kjent for å ha minst like mykje hjort som innbyggjarar. Og det er ikkje ein dårleg vits om kor få innbyggjarar vi er, vi meiner det!

Vi har mange utandørs og innandørs skytebaner for både rifle og pistol. Ser du etter jaktfellesskap så finn du garantert det på skytebana.  

Eit lyst og moderne treskur er plassert på ein fjellklippe. Den har store glas ut mot havet og horisonten. Det er eit blafrande noregsflagg på sjøsida av bua. Foto.

Turstiar og toppturar

Området er for stort til å ramse opp alle turane du kan velje mellom. Derfor vil vi heller anbefale deg å bruke appen og nettstaden UT. DNT har også  oversikt over turar og hytter i  kommunen som kan vere nyttig.