Kultur
Vi veit at det ikkje er nok med flott einebustad og fulltidsjobb: Vi vil at du skal fylle fritida di med meining og moro! Heldigvis er vi ein region med stort fokus på kultur av alle former.


Musikk
Vi har eit unikt musikkmiljø som har rom til alle, enten du er ein lyttar eller ein spelar, er gamal eller ung. Vi har mange korps og kulturskulen er aktiv fleire sted i kommunen! Kanskje du vil prøve deg i musikkbingen i Svelgen?

Kva for ein stad hadde vi vore om vi ikkje hadde eigen festival?
Bli med på Rockweekend i juli! Denne festivalen har faktisk skapt blest kvar sommar sidan 1980-talet. Her kan du forvente både lokale musikksjeler og nasjonalt hylla artistar.

Biblioteka
Våre folkebibliotek er samlingsplassar for litteratur- og barnearrangement. Etter skuletid fyller pc-stolane seg i Svelgen og playstationane summar på Hauge! Og det er ikkje noko problem om du ikkje når opningstidene: med meir-ope-tilgong kan du nytte biblioteket i Svelgen heilt fram til kl. 22!

Bergkunst
Kunst har alltid vore viktig for oss, faktisk heilt frå førhistoria med tanke på helleristningane i Vingen. I nyare tid har vi eit aktivt miljø for akvarellmaling, og treskjæring i Svelgen.
Av levande bilete har vi tre kinoar, og vi er spesielt stolte av bygdekinoen i Ålfoten. På nokre av scenene våre dukkar også Teater Vestland opp av og til!

Kulturhusa som samlar oss
Kulturhuset Realen er ein viktig samlingsstad for lag og organisasjonar i Svelgen. Ungdomsklubben lagar leven kvar veke. Her kan du av og til møte organisasjonen Ecco sine volontørar frå heile Europa. Kanskje du finn noko du treng på bruktbutikken her?
I ytre er Heimen på Hauge eit viktig samlingspunkt. Her ligg Bremanger kino & scene, og du høyrer ofte ungdommen på bandøving når du tuslar forbi.
Og begge kulturhusa husar kvar sin kunstklubb!
Er det noko spesielt du brenn for?
Frivilligsentralen i kommunen hjelper deg gjerne med å starte lokallag, enkeltarrangement, festivalar, klubbar og alt du kan tenkje deg.