Tilflyttarkontoret
Lurer du på korleis det er å flytte til Bremanger? Tilflyttarkontoret veit vegen! Her får du hjelp til å finne fram, enten det gjeld jobb, bustad, eller folk å bli kjent med.
Dag H. Nestegard er prosjektleiar for tilflyttarkontoret og står klar for å ønskje deg velkommen!


Du blir tatt godt imot!
Tilflyttarkontoret har som oppgåve å hjelpe tilflyttarar til rette når dei kjem til kommunen vår, og svare på ulike spørsmål du måtte ha. Det kan vere å bli kjent med offentlege kontor, fritids- og handelstilbod, informasjon om dei ulike bygdene, pendling eller andre ting du lurer på.
Ingen spørsmål er for små eller store!
Og får kontakt med næringslivet
Ein treng arbeid for å få inntekt, men også for fellesskap og meistringsfølelse. Vi kan hjelpe deg i gong om du ikkje veit kor du skal starte med å få deg jobb i kommunen. Kanskje har vi litt «insider-information» å by på?
Ta kontakt!
Dag H. Nestegard
Prosjektleiar
tlf.: 48 17 02 09