Spørsmål og svar
Her finn du svar på vanlege spørsmål om det praktiske ved å bu, arbeide eller leve i Bremanger. Sidan samlar nyttig informasjon som gjer det enklare å finne fram i kvardagen – anten du er ny i kommunen eller berre treng raske svar.
Kva er den næraste flyplassen til Bremanger?
Nærast flyplass er Florø. Til flyplassen på Sandane er det litt lenger.
Kor stoppar båten til og frå Bergen i Bremanger kommune?
Båten til og frå Bergen stoppar i Smørhamn og Leirgulen.
Kor ligg det næraste sjukehuset?
Næraste sjukehus ligg i Førde, men det er også eit mindre sjukehus på Nordfjordeid
Kor kan eg få tak i apotekvarer om eg bur i kommunen?
Næraste apotek er i Måløy og Florø. Mange av butikkane i kommunen leverer også apotekvarer.
Kor er det næraste vinmonopolet?
Vinmonopol finn du i Måløy og Florø.
Kor kan eg gå ut og ete i Bremanger kommune?
Vil du på restaurant kan du gå på Bremanger Fjordhotell i Svelgen eller Knutholmen i Kalvåg.
Kor kan eg sjå kunst i Bremanger?
Vil du sjå kunst kan du besøke Galleri Torsheim i Kalvåg eller Borgstova på Davik.
Finst det konsertar eller festivalar i kommunen?
Likar du live-musikk er Bremanger Rockweekend på Iglandsvik eit godt alternativt. Det arrangementet er i vanlegvis i juli.
Er det kort veg til frisør?
Ja, klippe håret kan du gjere fleire stadar i kommunen.
Kor ligg næraste vidaregåande skule?
Næraste vidaregåande skule er Florø og Måløy. Men det finst fleire vidaregåande skular i området om du vil reise litt lenger som til Nordfjordeid, Stryn, Sandane eller Førde.
Kor kan eg ta høgare utdanning dersom eg bur i Bremanger?
Høgare utdanning finn du i Førde, Sogndal og Volda. Vil du studere på universitet er Bergen det nærmaste. Eller du kan ta Hurtigruta til Ålesund eller Trondheim.
Kva tilbod finst for barnehage og grunnskule i kommunen?
Vi har fem skular og sju barnehagar i kommunen. Ingen ventelister.