Svein styrte Haugefisk til markering på Shetland

Svein Sandvik er skipper på Haugefisk. Dei brukte ca. eit døgn over Nordsjøen til Shetland.
Svein Sandvik er skipper på Haugefisk. Dei brukte ca. eit døgn over Nordsjøen til Shetland.
Haugefisk har vore til Shetland dei siste vekene. Fleire frå Bremanger var med over Nordsjøen til øyane i vest. For skippar Svein Sandvik blei det ein spesiell tur.

Museumsbåten er heimehøyrande på Iglandsvik i Bremanger. Skipper Svein Sandvik frå Florø fortel av dei var inviterte over til Shetland av museet der borte for å vere med på nyopning av en slipp som har namn etter kong Olav:

– Slippen heiter «Prince Olav Slipway», og ligg i Scalloway der Shetlandsgjengen hadde basen sin, fortel Sandvik.

Slippen er restaurert som historisk minnesmerke. Den seinare kong Olav var der under krigen som kronprins for å opne den dåverande slippen. Første veka i august blei dette så markert.

Skipper Svein Sandvik på museet i Lerwick.
Skipper Svein Sandvik på museet i Lerwick.

Faren var med i Shetlandsgjengen

For Svein Sandvik blei turen vestover spesiell også på eit meir personleg plan. Faren var maskinist på M/S Vita under krigen. Dette var ei fiskeskøyte som blei bygd i Risør på slutten av 1930-talet, og som deretter blei kjøpt av interessentar i Bømlo-området.

Etter den tyske invasjonen blei Vita rekvirert av den norske marinen, og gjennomførte åtte farefulle turar over Nordsjøen til Shetland. Dette blei dei første kapitela i soga om Shetlandsgjengen. Turane vestover til dei britiske øyane inkluderte transport av marineoffiserar, motstandsfolk og viktige dokument som skulle til eksil-regjeringa i London fortel Sandvik:

– Hausten 1941 blei båten tatt av tyskarane utanfor Trøndelag, og mannskapet arrestert. Deretter sat far min fengsla i dei tyske dødsleirane i tre og eit halvt år. Eg har samla fleire permar med informasjon om denne tida.

Det må ha vore spesielt for deg å kome til Shetland?

– Ja, det var det. Eg blei intervjua av radio og aviser der borte om far min og Shetlandsgjengen, så det var sterkt også personleg. Det heng mellom anna eit foto av far min på museet der borte som vi besøkte på denne turen. Der kan ein lese historia om kutteren Vita.

Den norske delegasjonen la ned krans ved monumentet i Scalloway. Kaptein Svein Sandvik er i full uniform.
Den norske delegasjonen la ned krans ved monumentet i Scalloway. Kaptein Svein Sandvik er i full uniform.

La ned krans

Tidleg i krigen hadde Shetlandsgjengen base i Lunna før dei flytta basen til Scalloway. Lunna House ligg ved den eldste kyrkja på Shetland, og her blei det lagt ned krans på graver frå krigens dagar då Haugefisk var over til Lerwick.

Vestover hadde skipperen med seg ni passasjerar. Dette var hovudsakleg folk som er heimehøyrande i Kinn og Bremanger. Reisefølgjet var i middag med ordføraren og hadde også følgje av ordføraren frå Øygarden vest for Bergen der Telavåg ligg.

Så var det bussturar med ymse historiske stop. Sandvik fortel at for folk på Shetland er krigen og forholdet til Norge framleis viktig:

– Ja, det merka vi godt når vi var der.  Det var enormt med folk som hadde møtt fram. Så dette var veldig kjekt.

Korleis er det å vere skippar på Haugefisk?

– Ho er ei flott skute, så det er berre kjekt. Offisielt har eg vore pensjonert i mange år, men slike turar som dette er eg glad for å få vere med på, avsluttar Sandvik frå Florø.