Dagleg leiar Benedicte W. Elsrud seier eit senter ved Hornelen kan bety mykje for regionen.
Manglar ein felles møteplass
Ho meiner eit slik senter vil kunne bli ein tydeleg attraksjon på kysten:
– Hornelen, Vingen og Ålfotbreen er viktige og etablerte opplevingar, men i dag manglar det ein stad der gjestane får heile forteljinga samla, seier ho.

Benedicte W. Elsrud er dagleg leiar i Visit Nordfjord. Her fotografert på Dampen.
Kan skape liv heile året
Leiaren for Visit Nordfjord meiner eit besøkssenter kan vere med på å skape liv heile året:
– Eit senter under tak gir folk noko å oppleve også utanom sommarsesongen, og ein god grunn til å bli litt lenger – sjølv om det er dårleg vêr. Innandørs aktivitetar er ikkje det vi har mest av i Nordfjord.
Benedicte Elsrud legg vekt på at eit senter av det slaget som er under planlegging i Bremanger kan formidle og lære opp gjestar og lokale om sårbar natur og sårbare kulturminne, utan at det blir meir slitasje ute i felt. Samtidig kan eit slikt senter også lære gjestane å vise omsyn.
– Dette er helt i tråd med «Merket for Bærekraftig Reisemål», som vi forvaltar på vegne av Nordfjord-regionen, seier ho.

Hornelen på 1880-talet fotografert av Axel Lindahl.
Ålfotbreen er også positive
Alf Erik Røyrvik i Ålfotbreen landskapsvernområde er også positive til eit besøkssenter. Røyrvik seier eit slikt senter er midt i løypa for dei:
– Vi har ikkje så mange slike besøkssenter i vårt område. Bremuseet i Fjærland og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn er vel dei to næraste.
Røyrvik, som er verneområdeforvaltar, er særleg opptatt av geologien som gjeld Ålfotbreen og dei unike hyllene nedover mot Svelgen.
– Vi har fått laga ein film om desse hyllene. Filmen ligg på youtube, seier han.
Han legg til at Vingenfeltet også ligg i eit verneområde, og at dette er det viktig å få fram meir kunnskap om.

Screenshot frå filmen.
Dialog med grendelaget
Forslaget om besøkssenter på Kolset passerte formannskapet i oktober. I kommunestyret etterpå kom det framlegg om å gå i tettare dialog med grendelaget om bruken av gamle Kolset skule. I vedtaket heiter det at administrasjonen skal kome tilbake til kommunestyret med saka etter at slik dialog er gjennomført. Det blei også sagt frå talarstolen at dei folkevalde er positive til eit slikt nytt senter.