Datoen er laurdag 25. april klokka 15.00 på Bremanger Fjordhotell.
15 år med traume
Til sommaren er det 15 år sidan Anders Behring Breivik skaut og drap 77 menneske i regjeringskvartalet, og på Utøya. Terrorangrepet er det verste på norsk jord i fredstid.
Mykje er sagt og skrive om denne hendinga. Det er laga TV-serie, fleire dokumentarfilmar, og skrive eit uttal bøker om denne dagen.
Boka til Skotheim kom på Oktober Forlag som blir rekna som det mest litterære forlaget i landet. At ein debutant kjem gjennom nålauget til Oktober, og blir antatt der, seier mykje om nivået på manuset han har skrive.

Romanen «Kjære natt»
Øyvind Skotheim var 24 år då han var på Utøya 22. juli 2011. Han var då aktiv i AUF.
I dag er han utdanna jurist, og arbeider med konflikthandtering.
Under bokbadet i Svelgen skal han fortelje om romanen han har skrive, og livet etter terroren. I boka reflekterer han rundt korleis eit menneske kan leve vidare med traume som dei han fekk som ung mann på Utøya.