Line søkte seg til kysten og havet

Line Gunilla Dahlener frå Innlandet.
Line Gunilla Dahlener frå Innlandet.
Line Gunilla Dahlen frå Innlandet søkte seg til Bremanger fordi ho er glad i fjell og hav.

Line budde lenge på Gjøvik, og har drive bensinstasjon både på Lillehammer og i Østerdalen. Men så ville ho skifte beite, og då blei det studiar i sjukepleie i vaksen alder. Det første året som student ved Mjøsa, og dei to neste i Førde.

– Då kom eg til Sunnfjord. Men dette var midt under koronaen så det sosiale livet var relativt avgrensa, ler ho.

Etter at ho var ferdig utdanna i Førde jobba ho ei tid i Jølster før det var tilbake til Innlandet for å ta seg av sine næraste.

Glad i havet
No er ho tilbake i gamle Sogn og Fjordane, men ikkje berre det. Ho har fått fast jobb som sjukepleiar i Bremanger, og jobbar i heimetenesta. Hus leiger ho i Svelgen.

– Målet er å kjøpe, men så langt er eg ikkje komen, smiler ho. Line legg til at ho fekk høyre om Bremanger då rekrutteringspakken blei lansert. Omtalen av kommunen gjorde henne meir interessert i korleis det er å leve og jobbe her:

– Så sjekka eg ut kva som ligg i pakken, og såg at dette ville eg vere ein del av.

Blir nokre fjelltoppar
På fritida er fjellturar den store lidenskapen.

– Eg har vore ein del i Kalvåg, og der er det kjempefint, seier ho. Men så er det Hornelen, og Keipen og alle dei andre fjelltoppane. For ikkje å snakke om Grotlesanden og Vetvika. Line Gunilla gler seg til våren, og seier ho er komen til Bremanger for å vere her.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.