Stranddag for seksåringane i kommunen

Fotografi av eit barn som sit på huk ved vasskanten. Ho har ei bøtte og ein spade i hendene.
Onsdag 20. mai fekk ungane ein minnerik tur ut til Grotlesanden.

– Vi prøvar å ha stranddag for alle seksåringane i kommunen vår, der alle får oppleve å komme ut til havet på Grotlesanden. Det fortel kommunalsjef for oppvekst, kultur og fritid, Gro Abildsnes. 

Å gi kommunen sine seksåringar flotte naturopplevingar ved kysten, er noko ein har haldt på med i ti år, og det er ei særs populær utflukt blant barna. Her får dei leike og kose seg med sand, finne krabbar og vasse litt for dei som har lyst til det. 

Til stor entusiasme blant barna vart det arrangert krabbeløp, kor det vart teikna start- og målstrek i sanden, og det var om å gjere for dei uvitande krabbane å kome fyrst i mål.

Grillkol hadde dei teke med seg, så ungane fekk ete pølser i brød til lunsj. 

Innhaldsrike vårdagar for både små og store i Bremanger kommune. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.