Ettersom fleire lurer på bakgrunnen for dette minnesmerket, kjem historia her. Kjelde for opplysingane er eit hefte Bremanger kommune gav ut i 1995. Då var det 50 år sidan krigen var slutt.
Mina på knausen
Metallkula på Senneset er ei sjømine som rak i land i Vetvika under krigen. Då budde det folk der ute som var aktive i heimefronten. Det var ein del Shetlandsfart ut og inn frå Vetvika, som ligg mot det opne havet.
Mina som flaut inn frå Nordsjøen blei etter krigen demontert. Så gjekk det enno ei tid får ho kom på plass på Senneset. Då viste kalenderen at ein var komne fram til 1950-talet.

Ein ser sjømina frå fylkesvegen.
Mange festningsanlegg
Det før nemnde heftet om frigjeringsjubileet i 1995, fortel også om dei mange festningsanlegga i Bremanger.
Tangane i Skatestraumen var det største og viktigaste i vårt område. Det var i alt ni kanonstillingar og minefelt rundt heile anlegget. Her meinte tyskarane dei kunne kontrollere innseglinga til Nordfjord. Difor hadde dei nesten 200 soldatar her.
Så var det Gotraneset i Berle som handla meir om Frøysjøen, og smelteverket i Nordgulen. Difor bygde dei også eit festningsverk på Ospeneset.
Vi tar også med anlegget nazistane hadde på Sande i Svelgen. Her hadde tyskarane 100 mann stasjonerte. Det hadde dei også på Ospeneset. I Berle skal det ha vore fleire.

Kartutsnitt som viser plasseringa av Tangane kystfort.
Også styrkar i Kalvåg
Til sist nemner vi Lisetflona i Kalvåg. Der hadde tyskarane luftvernskyts og peilestasjon. Og dei bygde vakthytte på Veten, for der kunne dei sjå frå Stad i nord til Alden i sør.
Sjømina på Senneset står der framleis, og vitnar om alt dette.