Takk til alle bøsseberarar som bidrog under årets tv-aksjon

Liten gut står med ei innsamlingsbøsse i handa.
Ilon Bos Sagebø (4) var også med som bøsseberar i Svelgen.
NRC Flyktninghjelpen mottok totalt 265 917 kroner frå Bremanger kommune, noko som plasserer oss på 61. plass nasjonalt, og 11. plass i Vestland fylke.

I kommunen vår var det 50 bøsser i sving under NRK TV-aksjonen si innsamling søndag 18. oktober. Det var nok til at alle dei planlagde rutene vart gått.

Denne dagen vart det samla inn 71 333 kroner i kontantar, noko som viser at bøssebering framleis nyttar i vår elles så digitale verd.

Det å banke på ei dør, og kanskje slå av ein liten prat, har framleis ein verdi. Mange sette stor pris på å få besøk, og fleire hadde teke ut kontantar i eins ærend for å ha noko å putte i bøssa.

I følge giverstafett.no utgjer den totale summen kr 78,65 pr. innbygger i kommunen. Dette er kr 30,33 over landsgjennomsnittet på kr 48,32.

Formannskapet er aksjonskomitè og ansvarleg for organisering av innsamlinga i kommunen. Foto: Jim Steven Igland/Firdaposten

Ordføraren takkar for innsatsen

– Ei stor og varm takk til alle frivillige bøsseberarar som gjekk frå dør til dør i Bremanger under årets TV-aksjon. De gjorde ein kjempeinnsats og viste omtanke og solidaritet i handling. Takk òg til alle som tok godt imot bøsseberarane, gav eit bidrag eller hjelpte til med organiseringa. Når mange gjer litt, får vi til mykje saman! På vegner av Bremanger kommune – tusen takk for at de stilte opp, seier Anne Kristin Førde.

Aldri før vore så mange på flukt

Pengane som er samla inn går til NRC Flyktninghjelpen som er Norge sin største humanitære organisasjon. Dei hjelper menneske på flukt i verdas verste kriser.

Aldri før har fleire menneske vore på flukt frå krig og konflikt, og aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffe seg ein heim.

TV-aksjonen 2026 skal effektivt bidra til at menneske på flukt får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Pengane skal gå til telt og andre nødbustadar, mellombelse og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.

Det er framleis mogleg å gi eit bidrag, til dømes via Bremanger kommune sin Spleis som går direkte til NRK TV-aksjonen:

https://www.spleis.no/project/515716

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.