Seminar om råsegl i Smørhamn

Nigaren er eigd av kystlaget i Kalvåg.
Nigaren er eigd av kystlaget i Kalvåg.
Forbundet KYSTEN kjem til Smørhamn i september for å arrangere seminar om råsegl.

Forbundet er ein landsdekkande, frivillig kulturvernorganisasjon som arbeider for å bevare og vidareføre norsk kystkultur. Organisasjonen har over 10 000 medlemmer, og hundrevis av historiske fartøy som blir tatt vare på av frivillige.

Seminaret i Smørhamn
Seminaret dei kjem med til Smørhamn er eit ambulerande arrangement som har gått i mange år. I år vil seminaret haldast den 10.-13. september, altså fredag til søndag.

Seminaret startar i båthallen på Kystmuseet i Florø, torsdag ettermiddag. Turen går vidare til Smørhamn, med rutebåt frå Florø. Fredag og laurdag er deltakarane i Smørhamn, med praktiske seminar både på sjøen, og på land. Her vert det segling og roing med kunnige folk, og sikkert noko nytt å lære om både båt og reiskap.

Foto: Forbundet KYSTEN.

Nordfjord- og Sunnfjordbåt
Smørhamn er vi midt i skiljet mellom Nordfjordbåten og Sunnfjordbåten, og her finn ein begge slaga. Her er også ulike råsegl. Det asymmetriske råseglet er på nokre båtar, medan andre har likeskåre råsegl, som er breie nede og smale oppe.

Statsstipendiat Bernhard Færøyvik hadde fleire påstandar om kvifor Nordfjordbåten uttevla Sunnfjordbåten, som han sa. På seminaret skal ein etterprøve desse teoriane. Færøyvik var ein pioner når det kom til dokumentasjon av tradisjonelle norske båtar, og kystkultur. Arbeidet til sogningen har hatt stor betydning for bevaring og  kunnskap om både båttypar og båtbygging. 

På seminaret vil ein også sjå på skilnadar som gjeld den eldre Nordfjordbåten som var inne i fjordane, og den varianten som kystfolket ville ha, og som etterkvart vart den rådande båttypen på kysten. 

Motiv frå Smørhamn. Foto: Pilegrimsleden.no

Sildetida i Kalvåg
For dei som er interesserte i lokalhistoria kan seminaret vere interessant av fleire grunnar. Kalvåg blei for alvor eit fiskevær under dei rike sildeåra på 1860-talet. Sokneprest Koren skriv utførleg om denne tida i dagbøkene sine. Silda forsvann og kom tilbake i fleire vende etter den tid. I Kalvåg hadde ein også rik tilgang på torsk. Så her er tradisjonane både lange og interessante. Ikkje minst på den gamle handelsstaden i Smørhamn.

Meir informasjon om påmelding finn du på nettsida til Forbundet KYSTEN.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.