Bokbadet skal vere på Bremanger Fjordhotell klokka 18.00.
I grenseområdet mellom Peru og Brasil finn ein dei kanskje mest utilgjengelege områda på jordkloden. Urbefolkninga i dette området har berre i liten grad vore i kontakt med moderne kultur. Nokre av stammane lever framleis heilt utan kontakt med omverda. Verda dei lever i, er regnskogen.

Anders Krogh i Amazonas.
Budde tre år i Amazonas
Hit reiste Anders C. Krogh for å komme i kontakt med ein måte å leve på som er så godt som gløymd for oss i vesten. I eit år levde han saman med matsesane – kattefolket. Som medlem av stammen opplevde han dagleglivet i regnskogen – men også høgtid, fest og tragedie. I tillegg kom han på sporet av eit helt ukjent folk – demosjbå. Dette var eit folk sjølv ikkje kattefolket kjende.
Boka «Med Jaguarens Kraft» er ei spanande skildring av eit eventyrleg år blant eitt av verdas siste naturfolk. Samtidig er boka ei påminning om kor utsette folkegruppene i regnskogen er i møte med ei fiendtleg og destruktiv omverd, der kapitalkreftene dominerer.

Kvinner frå kattefolket (matsesane) i regnskogen.