Nesten 40 000 har vore innom Gode Bremanger det siste året

Mange er interesserte i Bremanger.
Mange er interesserte i Bremanger.
Det siste året har nesten 40 000 unike brukarar vore innom nettsida til Gode Bremanger. Det er elleve gonger folketalet i kommunen.

Det er leverandøren til Gode Bremanger, Snitt Reklamebyrå på Voss, som opplyser om desse tala. Nettsida blei lansert i fjor sommar.

Nesten 40 000 besøkande
Dei første månadane hadde nettsida noko varierande trafikk. Men dette tok seg opp utover vinteren og våren.

Her er dei mest sentrale tala som gjeld frå sommaren 2025, og fram til sommaren 2026:

– 38 723 unike besøkjande.

– 66 464 sidevisningar.

– 43 238 økter.

– 4 minutt og 27 sekund i snitt per økt.

Trafikken voks jamt frå lanseringa i fjor sommar, og med ein topp i februar og mars. Gjennom vinteren og våren var Gode Bremanger aktivt ute på ulike skular og utdanningsinstitusjonar for å rekruttere ungdom til kommunen.

Prosjektleiar for tilflyttarkontoret, Dag H. Nestegard, seier poenget med nettsida er å få folk til å lese om rekrutteringspakken kommunestyret har vedtatt:

– Difor er vi aktive også på Facebook og instagram, for å få ungdomen til å lese om dei godene vi kan tilby dei som vurderer å flytte til Bremanger.

Oversikten viser kor dei mest interesserte lesarane bur.

Folk er interesserte i folk
Dei mest leste sakene er portretta av folk som har flytta tilbake til Bremanger. Etter framsida er det desse sakene som har vore mest lesne:

– Eirik og Ronja flytta til Kalvåg.

– Alf Erik er skikkeleg innfødd svelgar.

– Michelle og Magnus likar seg i Kalvåg.

Dette seier noko om kva folk vil lese. Det er historier om menneske som fengjer.

Nesten 40.000 unike besøkjande er over elleve gonger folketalet i Bremanger, som var 3 386 første kvartal i 2026 ifølgje SSB. Fleirtalet av lesarane kom altså utanfrå. Oslo er den største enkeltbyen, men elles er lesarane spreidde over heile landet.

Men her kjem eit lite atterhald: talet er ikkje det same som 40.000 ulike personar, for same person kan bli talt fleire gonger på ulike einingar. By-tala byggjer på IP-adresser, og er omtrentlege. At rekkevidda går langt utover kommunen, er det likevel ingen tvil om.

Oversikten viser dei mest lesne sakene det siste året.

Høg trafikk samanlikna med andre
Snitt Reklamebyrå fortel at det ikkje finst noko etablert nasjonalt nivå for kva som er god trafikk på ei nettside som Gode Bremanger. Distriktssenteret har peika på at tilflyttingsarbeid er lite dokumentert.

Eit godt haldepunkt finn ein likevel i Trøndelag, og InOrkland, som er  tilflyttarportalen til Orkland kommune. Dei hadde rundt 28 400 sidevisningar i 2024, som var deira andre år med drift. Gode Bremanger hadde 66 464 det første året, som er over det dobbelte. Gode Bremanger slår dermed Orkland på andre året dei driv, i det første året Bremanger driftar ei slik nettside. Orkland er interessant for Bremanger også fordi dei har Elkem Thamshavn som produserer metallurgisk silisium og mikrosilika.

Tala viser meir enn 65 000 visningar på nettsida til Gode Bremanger det siste året.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.