Musikkdoktor frå Bremanger

Ingeborg Nebelung er frå Bremanger.
Ingeborg Nebelung er frå Bremanger.
Ingeborg Nebelung frå Bremanger har tatt doktorgrad i musikkterapi.

Til dagleg arbeider ho som universitetslektor på Norges musikkhøgskule i Oslo, men også på Kunsthøgskulen i hovudstaden.

Den ærverdige disputasen var i Levinsalen på Musikkhøgskulen første veka i september.

Då vi får tak i doktoranden på telefon, er ho smilande blid:

– Oppgåva handlar om ulike forventningar til musikkterapi med barn og unge i utsette livssituasjonar.

Som du har drive lenge med?

– Ja, eg har jobba som musikkterapeut både som offentleg tilsett, men også i privat praksis.

Korleis var disputasen?

– Veldig høgtidleg. Først prøveførelesing, deretter var det opponentane sin tur til å spørje meg ut. Mykje folk i salen. Det gjekk heldigvis bra. Tenk at så mange sterke fagpersonar brukte så mykje tid på oppgåva mi. Det er eg svært takknemleg for, seier ho.

Sterke band til Bremanger
Ingeborg vaks opp i Bremangerbygda med etternamnet Ervik Galaasen. Ho kallar seg halvt sunnfjording, og halvt nordfjording. Banda til heimkommunen er framleis sterke:

– Eg kallar framleis Bremanger for heime, og må dit 3-4 gonger kvart år. Sjå havet, kjenne på luktene og snakke med gamle kjende, fortel ho.

Etter vidaregåande i Florø blei det Lærarskule i Volda. På den tida var ho med i det legendariske jentebandet Tvågå, men også aktiv i skulemusikken. Meir konkret var ho med i skulemusikken på barne- og ungdomsskulen. På ungdomstrinnet stifta dei Tvågå, som dei held fram med utover på vidaregåande.

– Musikkmiljøet i Bremanger fekk meg i gong, seier ho.

Ingeborg likar seg godt i heimbygda.

Etter lærarskulen gjekk vegen austover for å studere musikkterapi. Nokre år i Oslo vart følgde av fleire år i Horten. I denne perioden fullførte ho både master i musikkterapi og vidareutdanning i rettleiing, før ho seinare sette krona på verket med ein doktorgrad. Med tida blir ho førsteamanuensis, og kanskje til og med professor. Kven veit. Det finst i alle fall professorat i landet for dei som driv med musikkterapi, både i Bergen og Oslo.

Musikk kan hjelpe folk
Musikkterapi er kort sagt ei behandlingsform der ein brukar musikk for å fremje helse, trivsel, utvikling og livskvalitet.

I slik terapi kan ein til dømes lytte til musikk, synge og spele ulike instrument, improvisere eller lage eigne songar. Ein må ikkje vere musikalsk eller kunne spele eit instrument for å ha glede, og nytte av slik terapi.

– Som terapeut har eg jobba med ulike menneske. Mest med barn i skule og barnehage, men også med ungdom i kulturskule og i fritidstilbod, med vaksne med nedsett funksjonsevne, og dei som strevar med rus. Vi ser det også i demensomsorga, at musikkterapi kan fremme ressursar for menneska vi arbeider med, fortel Ingeborg.

– Kva musikk høyrer du sjølv på?

– Der er eg litt gamaldags. Likar Beatles, og andre meir klassiske rockeband.

Ikkje pling-plong, jazz eller samtidsmusikk?

– Nei, eg likar som sagt meir vanleg musikk, gjerne frå generasjonen før meg. Eg er kanskje litt gamaldags, ler ho.

Her er ho på Grotlesanden.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.