Treng fleire bøsseberarar til årets TV-aksjon

Formannskapet i Bremanger kommune fungerer som aksjonskomitè. Foto: Jim Steven Igland/Firdaposten
Det er framleis eit stort behov for bøsseberarar til årets TV-aksjon søndag 18. oktober.

Innsamlinga går til NRC Flyktninghjelpen som er Norge sin største humanitære organisasjon og hjelper menneske på flukt i verdas verste kriser.

– TV-aksjonen er verdas største dugnad, og eg håpar Bremanger igjen vil vere med og vise kva vi får til saman. Meld deg som bøsseberar, ta godt imot dei som kjem på døra, eller bidra på den måten du kan. Når mange gjer litt, kan vi gjere ein stor forskjell for menneske som treng ein trygg stad å bu, seier ordførar Anne Kristin Førde.

Meld deg som bøsseberar her: Bli bøsseberar

Dei som melder seg som bøsseberarar blir plasserte på ei rute i eiga bygd. Aksjonskomitèen organiserer utlevering av bøsser.

Det er ønskeleg at alle registrerer seg innan søndag den 11. oktober.

Dersom du vil gi noko til innsamlingsaksjonen digitalt, så kan du nytte kommunen si digitale bøsse her:

www.spleis.no/tvaksjon2026-bremangerkommune

Aldri før vore så mange på flukt

Aldri før har fleire menneske vore på flukt frå krig og konflikt, og aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffe seg ein heim.

TV-aksjonen 2026 skal effektivt bidra til at menneske på flukt får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Pengane skal gå til telt og andre nødbustadar, mellombelse og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.