Difor inviterer Sanitetskvinnene og Bremanger omsorgsberedskapsgruppe til ope møte på Kolset.
Kolset oppvekst
Møte skal vere på Kolset oppvekst onsdag 18. november klokka 17.30. Sølvi Joensen i Sanitetskvinnene fortel at omsorgsberedskap handlar om å ta vare på menneske når ei krise råkar:
– Ikkje berre for at folk skal overleve. Men også for at dei kan få oppleve å ha det trygt, få omsorg og kjenne at dei er ein del av ein fellesskap.

Illustrasjonsfoto frå Sivilforsvaret. Foto: Odd Skarbomyr, DSB.
Ein kveld om totalforsvar
Marit Thomasgård Aarseth Sivilforsvarsinspektør i Sogn- og Fjordane og Rogaland Sivilforsvarsdistrikt kjem for å snakke om Sivilforsvaret si rolle som del av totalforsvaret. Kommunedirektør Tom Joensen skal snakke om kommunal beredskap.
Sølvi Joensen forklarar at omsorg er viktig i kriser:
– Det er for å ta vare på dei som er råka av krise. Det kan vere i samband med ras som stenger vegen, straumbrot, evakuering eller andre forhold. Ho legg til at beredskap ikkje berre handlar om krig og store ulukker:
– Det kan like gjerne vere i samband med ein leiteaksjon. Slike hendingar kan vere dramatiske for dei det gjeld.
Trygge lokalsamfunn
Poenget er at frivillige kan bidra med omsorg i kriser. Det kan vere i form av enkel servering, praktiske oppgåver og støtte til råka og pårørande, saman med styresmakter som har eit meir formelt ansvar. Sølvi Joensen seier at tema for møtet dei inviterer til er viktig av fleire grunnar:
– Ein bygger ikkje trygge lokalsamfunn berre ved hjelp av beredskapsplanar, teknisk utstyr og naudetatar. I gode lokalsamfunn bryr folk seg om kvarandre, ein kjenner naboen, og stiller opp når nokon treng det. Vi håpar på godt oppmøte denne novemberkvelden på Kolset.

Plakaten til arrangementet.