Michelle og Magnus

Planen var å bu i Florø, men så kom rekrutteringspakken for Bremanger. – Då bestemte vi oss for å flytte til Kalvåg.

Det seier Michelle og Magnus som har to små gutar. Denne våren kjøpte det eit hus i Gamlevegen på Frøya, og trivst godt der.

Michelle Louise Koi Gjelsvik er frå Florø, og Magnus Gulestøl frå Kalvåg.

Har alt dei treng

Etter mange år i Bergen bestemte dei seg for å flytte til Florø. Men så kom rekrutteringspakken frå dei folkevalde i Bremanger og det blei langt meir økonomisk gunstig å flytte lenger nordover.

Då vi besøkte dei heime i Kalvåg hadde familien nettopp feira 3-års dagen til vesle Kian Johan. Ute på verandaen låg veslebroren, Milan Koi, og sov i det fine vårvêret.

Michelle har fått jobb som barnehagelærar og Magnus er i Nordsjøen. Der er han bore- og vedlikehaldsoperatør og er to veker ute og fire i land.

Dei fortel at det var den økonomiske pakken som vippa dei over kommunegrensa til Bremanger.

– Bustadtilskotet på 200.00 kroner, nedbetaling av studiegjeld med 30.000 kroner i året og gratis barnehage. Alt dette blir i sum mykje pengar for oss. Då Kian starta i barnehagen kosta det tre tusen kroner i månaden, fortel Michelle.

For Magnus sin del er avstanden til Smørhamn og Florø kort når han skal til og frå jobb.

– Bergen når du med båten på fire timar, og i Florø er det ein time med fly til Gardermoen. Måløy er også nærme så vi manglar ingenting, seier han.

Bustadprisen er det halve

Dei fortel at bustadprisane er det halve samanlikna med Florø, men seier det er meir enn økonomien som har lokka dei til Kalvåg.

– Vi bur i eit ope landskap med utsikt til skipsleia og Frøysjøen. I denne delen av kommune er det liv og røre. I gata her bur det 26 ungar. Rett nok i alderen null til femten, men likevel, forklarer Magnus.

Han seier ein kan jobbe lokalt i fiskeindustrien, eller som Michelle i kommunen. For eigen del er han glad for smia frå 1860 som følgde med då dei kjøpte huset.

– Den gler eg meg til å bruke, smiler han. Magnus er utdanna både innanfor elektro og mekaniske fag, og familien trivst godt i Kalvåg.