Bli kjent med den nye kommunalsjefen

Kvinne i svart dressjakke står oppstilt framføre sjøen. Nøytralt ansiktsuttrykk. Foto.
Anita Igland Brandal Solberg startar i sommaren 2025 som Kommunalsjef for Stab og Støtte i Bremanger kommune. Ho arbeider no i Kinn kommune som tenesteleiar (driftssjef) for heimetenesta. Der tek ho i bruk både sjukepleiarbakgrunnen hennar og masteren i organisasjon og leiing. Ho har jobba med leiing sidan 2006.

Kombinasjonen av helsekompetanse og teft for leiing fortel mykje om hennar spesialinteresse:

– Eg er lidenskapleg opptatt av menneskje!

 Anita hoppa på moglegheita for kommunalsjefstillinga då ho såg utlysinga, sjølv om ho ikkje var aktiv jobbsøkar. Førstegongsutlysinga hadde ho ikkje ein gong fått med seg. 

– Eg er ei som heile tida søkjer ny kunnskap og erfaring. Sjølv om eg ikkje såg etter noko nytt, så kjenner eg meg driven til å bli med på denne spennande rolla. 

Kva fekk Anita til å hoppe frå ein jobb ho trivest med til ein nyoppretta stilling i ein annan kommune? Anita seier ho ser på det som ein moglegheit til å jobbe tverrfagleg og få innsikt i mange ulike kompetanseområde. 

– Det er spennet av menneskje og kompetanse som interesserer meg. Denne nye jobben vil utvide horisontane og gje meg nye moglegheiter til å utvikle meg som leiar, håper Anita. 

I små distriktskommunar spøkast det ofte om at ein må vere ein «potet», altså å kunne brukast til alt mogleg. Dette er det Anita ser fram til i ein litt mindre kommune enn det ho er vande med. 

– Eg er allereie ei som er nysgjerrig på kva dei andre rundt meg arbeider med, og ser heile tida etter samarbeidsmoglegheiter. 

Anita har ikkje planar om å bli tilflyttar, men gler seg til pendlarlivet mellom Svelgen og Måløy. På bilradioen planlegg ho å høyre på podcast og lydbok. 

– Det kan vere fare for at eg tek opp jobb-pcen på ferja, om eg ikkje klarar leggje frå meg jobben heilt etter arbeidsdagen, ler ho. 

Ho kjem frå Halsnøy i Sunnhordland, men har budd i Måløy lengre enn ho har på Halsnøy. I Måløy har ho mann og to vaksne barn. Mellomnamnet Igland er frå ein distansert del av slekta i ytre Bremanger.