Det er skredpunktet mellom Svelgsvatnet og Sørdalsvatnet som blir sikra. Norsk Bergsikring AS har jobba med å sikre vegen gjennom sommaren. Fylkesvegen går under fjellet Rabbane, som går opp til 400 meter i høgdene bak dei to vatna. Byggeleiar Kristoffer Flaten i fylkeskommunen seier arbeidet i fjellsida har gått etter planen.

Straumane ligg ovanfor Svelgen.
Skaut ned svær blokk
I midten av august stengde dei vegen i 12 timar for å skyte ned ei større steinblokk.
Hovudentreprenør på jobben var også då Norsk Bergsikring AS. Men det var Kvernevik AS frå Bryggja som skaut ned blokka.
– Det var entreprenøren NBS AS som oppdaga blokka under det pågåande sikringsarbeidet i området, og varsla oss i fylkeskommunen. Ein geolog frå fylkeskommunen vurderte stabiliteten, og konkluderte med at blokka måtte fjernast. Det var ingen umiddelbar fare, men tilrådinga var klar: blokka burde takast ned medan ein allereie held på med sikringsarbeid i området, fortel Flaten.
Deretter sikra dei blokka med netting for å redusere steinsprutfaren, og dekte til fylkesvegen med sand og skytematter for å redusere skade på veg, forklarer han:
– Entreprenøren hadde bora salva i forkant, og lada dynamitt i blokka dagen den vart sprengt ned. Størstedelen av blokka slepte med ein gong. Men det sat igjen ein liten sats som dei tok ned med ei ny ladning. Arbeidet gjekk stort sett som planlagt. Vi fekk sprengt ned det vi hadde som mål, og opna vegen innanfor den gitte ramma for stenginga, fortel han.
Då folk stod opp neste morgon for å køyre til jobb var blokka fjerna, og vegen open.

Ferdig i oktober
I oktober er planen å avslutte for denne gong. Flaten fortel at dei har gjort mykje, og at jobben nærmar seg slutten. Framover skal dei arbeide med skjeringane, og det blir montert noko sikring før jobben blir avslutta.
– Før arbeidet vert heilt avslutta skal det også leggast ny asfalt og setjast opp rekkverk, slik at vegen står att i god stand når prosjektet er ferdig, seier han.
Og korleis har reaksjonen frå bilistane vore?
– Det har gått veldig fint. Trafikantane har vore tolmodige, og vi har fått god forståing gjennom heile perioden. Vi veit at det er inngripande med slike stengingar, så gode tilbakemeldingar det set vi pris på. Vi har nok vore heldige som har hatt det sånn, smiler byggeleiaren.