Bokbad ved havkanten 

Bokomslaget til boka "Knutholmen".
Forfattar Kari Tinnen har skrive bok om Knutholmen i Kalvåg. Onsdag 14. mai kjem ho til Galleri Torsheim for å snakke om Fosse-familien, og arbeidet med boka.

Arrangementet inngår i eit nytt konsept som har fått namnet «Bokbad ved havkanten», og som er eit initiativ frå Tilflyttarkontoret i Bremanger. Samtalen med forfattar Kari Tinnen blir ein av fleire det neste året. Denne første gongen skal det altså handle om Kalvåg og Knutholmen onsdag 14. mai klokka 18.00. 

Fosse-familien kom i sildetida 

Fosse-familien har vore sentral for utviklinga i Kalvåg gjennom mange år, men ikkje berre dei. For boka om Knutholmen handlar også om andre slekter, familiar og sjøbuer i Kalvåg, og dei rike sildeåra i andre halvdel av 1800-talet. Då hadde 11.000 menneske arbeid i bygda. 

– Ekteparet Svanhild og Paul Fosse kom til Kalvåg frå Bergen under dei store sildeåra etter krigen. Den hendinga er viktig for Kalvåg og Fosse-familien, fortel Tinnen. 

I dag ser vi spora etter den formidable innsatsen familien har lagt ned i lokalsamfunnet, og der sonen Svein Inge Fosse, «Mr. Kalvåg», har vore ei førande kraft. I dag driv barna hans, Jan Fredrik og Martine som tredjegenerasjon, Knutholmen. 

Meir bading av bøker 

Arrangementet «Bokbad ved Havkanten» skulle etter planen ha sitt første arrangement i august. 

– Men så kom boka om Knutholmen, og då startar vi heller onsdag 14. mai. Det seier Dag H. Nestegard som er prosjektleiar for Tilflytttarkontoret i Bremanger kommune. Han skal leie samtalane i Galleri Torsheim. 

Nestegard fortel at arrangementet i Kalvåg har gratis inngang for alle som vil kome, og at forfattaren vil signere bøker til dei som har lyst å kjøpe etter samtalen på scena 14. mai. 

– Så startar vi opp igjen i august med ein ny forfattar, og har same opplegget i september, oktober og november, fortel han. Deretter det same våren 2026. Arrangementet vil vere på ca. ein klokketime. 

Fleire forfattarar er på veg 

Ambisjonen er å skape blest for Bremanger gjennom desse arrangementa der vi snakkar med forfattarar som har relevans for dei som bur i området, og er interesserte i litteratur. 

– Men det kan også vere forfattarskap som er interessante i meir allmenn forstand, og som vi difor inviterer til Kalvåg, seier Nestegard. 

Tid og stad for dei neste arrangementa vil bli annonserte på heimesida til kommunen, i media – og i kommunen sine sosiale medium. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.