Det er HR-sjef Trudi Vågene, logistikk-koordinator Lovis Huttinger og HR-koordinator Nora Teigene frå Elkem Bremanger som står bak initiativet med å etablere U40 i Svelgen. U40 er eit nettverk av unge under 40 år, og det finns mange slike kring om i landet.
Målet er å auke trivselen til unge i denne aldersgruppa, der ein gjennom å skape aktivitet og sosiale møteplassar legg til rette for at fleire kan bygge nettverk i nærområdet kor dei bur og/eller jobbar.
Kan bidra til å auke «blilysta»
Ifølge Trudi Vågene, sprang idéen om U40 ut i frå ein workshop dei deltok på i tilknyting prosjektet «Næringslivet som inkluderingspådriver».
Prosjektet er eit samarbeid mellom Nordfjordkompaniet og Vestland fylkeskommune, med mål om å hjelpe næringslivet i regionen med å auke bulyst og «blilyst», for å hindre fråflytting og tap av kompetanse.
Vågene fortel at Elkem har ein del tilflyttarar og tilbakeflyttarar blant sine tilsette. Mange som flyttar hit for å jobbe er ofte einslege og manglar nettverk.
– Folk trivast stort sett veldig godt på jobb, og så blir det litt tungt på fritida.
Ho legg til at idrettstilbodet i Svelgen er veldig bra, men for dei som ikkje er involvert i idrett kan det vere vanskelegare å finne sosiale møteplassar utanom jobb.
U40-treffa kan gjere det enklare å kome i kontakt med andre, slik at terskelen for å spørre nokon om dei vil gå ein tur eller ta ein kaffi i lag, blir litt lågare. Det kan vere alfa og omega for trivselen.
U40-treffa er for alle under 40 år, anten ein jobbar eller ikkje, og er ein fin moglegheit til å bli kjend med andre på tvers av bedrifter og livsituasjonar.

KickOff med tacobuffet på hotellet
Torsdag den 19. mars kl. 18.00 vil Svelgen sitt fyrste U40-treff gå av stabelen på Bremanger Fjordhotell.
Sparebank1 Sogn og Fjordane er invitert til å kome og snakke om pensjonssparing. Etterpå blir det gratis tacobuffet spandert av Elkem Bremanger. Til slutt blir det ein liten workshop, kor dei frammøtte kan kome med forslag til korleis ein kan vidareutvikle U40-nettverket i Svelgen. Det er allereie kome inn forslag om vinsmaking og cocktail-kurs.
Lovis Huttinger og Nora Teigene håpar mange vil ta turen innom hotellet den 19. mars.
– Det er viktig å poengtere at dette er lavterskel, understrekar dei.
I utgangspunktet skal det vere ca. eitt treff i månaden. Målet er at nettverket skal bli sjølvgåande etter KickOff-arrangementet den 19. mars. Elkem Bremanger er riktignok initiativtakar og bidreg med litt drahjelp i starten i form av sponsing av gratis mat. Men vidare er det dei unge under 40 sjølv som må ta over stafettpinnen.
– Vi håpar at det er fleire U40-erar som vil vere med å drive dette framover.