Fyrste budsjettkonferanse heldt i Bremanger kommune. – Danna eit godt grunnlag

Foto av kommunalsjef Randi Ytrehus som snakkar inn i ein mikrofon.
Kommunalsjef Randi Ytrehus
Kommunedministrasjon og folkevalde samla seg for å diskutere kommunen sin økonomiske situasjon.

Torsdag 21. mai vart kommunen si fyrste budsjettkonferanse heldt på Samfunnshuset i Svelgen. Tilstades var kommuneleiing, kommunestyret, driftsjefar, fagleiarar, tillitsvalde og hovudverneombud.

I samband med budsjettsaka i desember, gjorde kommunestyret eit verbalvedtak om kome tidlegare i gang med budsjettprosessen. Administrasjonen har følgd opp dette med å innføre budsjettkonferanse i mai, som ein fast aktivitet i årshjulet.

– Dette for å sikre god og tidleg involvering av kommunestyret i budsjettarbeidet, forklarer kommunedirektør Tom Joensen.

Kommunedirektør Tom Joensen frå eit tidlegare besøk på Guleslettene saman med kommunestyret.

Skape felles forståing

Kommunedirektøren fortel at hovudføremålet med denne budsjettkonferansen var å skape ei felles forståing av verkelegheita og dei utviklingstrekka ein ser, som grunnlag for å gjere dei rette prioriteringane.

Med andre ord; kva utfordringar ligg føre oss, og korleis skal vi møte dei?

Eksempelvis ser ein at den framtidige kommuneøkonomien blir prega av:

  • befolkingsnedgang; færre barn blir fødde og større andel eldre per yrkesaktive innbyggar
  • strammare økonomisk handlingsrom som følge av pris- og lønnspress
  • varierande lokale føresetnader avhengig av skattegrunnlag og effektivitet i tenesteyting. Fleire arbeidsplassar og fleire yrkesaktive innbyggarar betyr meir skatteinntekt. Effektivitet i tenesteyting heng mellom anna saman med organisering/struktur og bruk av teknologi. Det er til dømes dyrare å levere tenester i ein kommune med spreidt busetnad enn i ein kommune med sentral busetnad.

Utviklinga gjer at det blir auka behov for strategisk planlegging, digitalisering og styringsindikatorar for å sikre berekraftige tenester.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus.

Utfordringar, men også moglegheiter

Kommunalsjefane la etter tur fram økonomisk status, samt perspektiv på utfordringar og moglegheiter innanfor sine område.

I oppvekstsektoren ser ein at færre barn utfordrar berekrafta i dagens organisering. Det er til dømes dyrare å drive mange små skular, enn færre store. Ein ser også:

  • fleire barn og unge med samansette behov. Dette krev meir ressursar og ein meir heilskapleg og førebyggande innsats på tvers av tenester.
  • spenning mellom forsvarleg drift og naudsynt langsiktig kvalitetsutvikling og omstilling. Dersom ein brukar mykje ressursar på å drive forsvarleg, så blir det mindre att til å tenke langsiktig og utvikle tenesta.
  • færre og færre utdannar seg til barnehagelærarar, som har ført til ei langvarig bemanningskrise nasjonalt.

Innanfor helse- og omsorgssektoren tyder prognosane på at det vil bli fleire hjelpetrengande i framtida, noko som vil legge press på tenestene slik dei er i dag. I tillegg ser ein utfordringar knytt til:

  • rekruttering, samt å behalde dei tilsette. Dette resulterer i meir bruk av vikarbyrå, som er kostbart.
  • fleire yngre treng tenester
  • spreidt busetnad

Men kva er moglegheitane? Det kan til dømes vere:

  • at fleire eldre kan bu trygt heime lenger
  • at ein må sentralisere tenester
  • nytte KI i til dømes arbeidstidsplanlegging og anna
  • meir samhandling mellom pårørande og frivillige
  • meir bruk av teknologi

Velferdsteknologi er framtida

Eit godt eksempel på velferdteknologi som gir god gevinst, er medisindispenserar. I vår kommune er 40 slike i bruk. Dette har spart kommunen for 2,4 millionar kroner, noko som tilsvarar meir enn to årsverk.

Eit anna eksempel som enno ikkje er teke i bruk hos oss, er teknologi for digitale tilsyn på natt. Dette kan brukast på institusjonar, i bufellesskap og hos heimebuande.

Dette er teknologi som er godkjent for bruk i norsk helsevesen, og som har mange fordelar for både brukarar, tilsette og tenesta.

Store vedlikehaldsetterslep

Innanfor kommunalområdet Samfunn og utvikling ser utfordringsbiletet slik ut:

  • Stort vedlikeholdsetterslep på bygg, eigedom og kommunale vegar
  • Høg lekkasjeandel på vassleidningsnettet. 90% lekkasjar. Store mengder reinsa drikkevatn forsvinn før det når fram til abonnentane
  • Høg andel direkte-utslepp til sjø frå husstandane – 50%
  • Feil og manglar på stort sett alle bruer
  • Mange brannstasjonar og aukande krav i høve brannpersonell, kompetanse, utstyr og utrykningstider gjer at kostnadane aukar.

Kommunalsjef Karl-Vidar Førde streka under behovet for å legge langsiktige planar for dei ulike områda.

  • Kan ein samle funksjonar og tenester, for på denne måten å redusere tal på bygg ein treng? Mindre areal betyr mindre vedlikehald.
  • Skal vi prioritere større utskiftingar innan leidningsnett for å få ned lekkasjeandelen?
  • Skal vi revidere brannordninga?
  • Kva andre område, utover dei vi allereie har, kan vi samarbeide med andre kommunar om.

Positive politikarar

Dei folkevalde einast om at konferansen var nyttig.

– Tilbakemeldingane i vår gruppe var at informasjonsdelen var både interessant, nyttig og lærerik, skriv Svenn Olav Senneset (Venstre).

– Veldig nyttig å kunne høyre kva utfordringar som ligg føre oss. Eg tenker at ved neste budsjettkonferanse bør ein vise dei samme presentasjonane med oppdaterte tall for å vise om vi er på «rett veg», skriv Øyvind Heimtun (Senterpartiet).

– Konferansen danna eit godt grunnlag for haustens budsjettarbeid, skriv Arbeiderpartiet.

– Veldig bra at vi får ein budsjettkonferanse, og at den kjem så tidleg, skriv Leo Cirotzki (SV).

Frå budsjettkonferansen på Svelgen samfunnshus i Svelgen.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.