Møt Gode Bremanger i Bergen!

Onsdag 11. februar kan du treffe oss på karrieremessa «Ta steget» i Grieghallen i Bergen.

Gode Bremanger er tilstades for å fortelje om vår rause rekrutteringspakke, og det gode liv i Bremanger elles.

Vi sees i Grieghallen

Mediesaker

Karrieremesse: Iver kjem, kjem du?

Mediesaker
Onsdag 11. februar er det karrieremesse i Grieghallen i Bergen. Gode Bremanger er der for å fortelje om Rekrutteringspakken, og mykje anna bra frå kommunen vi bur i.

Møt Gode Bremanger på messe i Grieghallen

Kan vi freiste med ein opptur?

Sjå vår gode rekrutteringspakke

200.000 i bustadtilskot

Bremanger kommune tilbyr 200 000 kr i bustadtilskot for førstegongsetablerarar under 50 år.

Sletting av 25.000
studiekroner i året

Den statlege støtteordninga slettar 25 000 kr av studiegjelda kvart år for di som vil bu i Bremanger. Ordninga skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar.

Årleg tilskot på 30.000 til nytilsette

Bremanger kommune tilbyr ein økonomisk startpakke for nye arbeidstakarar som vert tilsett i kommunal stilling.

Startpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år, totalt kr. 150 000,-.

Gratis barnehage

Gratis barnehageplass i alle barnehagane i kommunen. Det einaste ein betalar er kostpengar.

Fritid for ein kvar!

I Bremanger får alle barn og unge mellom 6 og 18 år eit fritidskort på 2200 kroner i året. Vi gjer det rett og slett enkelt å bli med i idrett, kulturskule og andre fritidsaktivitetar.

Vil du arbeide men ikkje flytte hit?

Helsearbeidarar rer opp ei seng i eit kvitt rom. Foto.

Bremanger kommune har særleg behov for helsepersonell.

Om du ikkje vil flytte til kommunen tilbyr vi ein fordelaktig turnus og billig plass å bu medan ein arbeider her. I tillegg reisetilskot, fleksible arbeidstider og varierte arbeidsoppgåver.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.