Utgangspunktet er karrieremessa som Framtidsfylket arrangerer. Hovudarrangementet går frå 10.30 til klokka 16.00 den dagen. Her kjem det aktørar frå heile Vestland fylke, dei fleste med eigen stand i messeområdet i første etasje.
Deretter inviterer Bremanger kommune til eige arrangement i Salong Nina som ligg i andre etasje i Grieghallen.
Fingermat og mingling
Frå klokka 16.00 blir det enkel servering på arrangementet som er planlagd fram til klokka 18.00.
Ordføraren kjem for å fortelje om rekrutteringspakken. I tillegg blir det intervju frå scena med Marita Solvang Bortheim-Mulelid som er ung arbeidstakar i Bremanger.
Etterpå blir det song og musikk.
Oktober Bergen by
Det Bremanger-baserte bandet Oddny blei for alvor kjent med singelen “Oktober, Bergen by”, som fekk mykje speletid på NRK P1, og blei A-lista i fleire veker. Andre kjente låtar inkluderer “Bittelitt” og “Alma”, som også er spelt mykje på radio. Alt framført på poetisk Bremanger-dialekt.
Bandet vant Luttprisen 2024 i kategorien Årets nykomar.
Onsdag 11. februar kan du høyre Iver på Bremanger-arrangementet i Grieghallen. Det er gratis inngang.
Kom å bli kjend med Gode Bremanger og rekrutteringspakken!