Dette betyr at folk i Bremanger er flinke til å be om tenester frå hjelpemiddelsentralen.
– I fjor var prosentdelen av innbyggartalet på nesten 20 prosent. Dette er monaleg høgare enn for nabokommunane, fortel ergoterapeut Judith B. N. Ekerhovd.
Ho seier at ein har jobba målretta gjennom fleire år med tilrettelegging for dei eldre. I Bremanger er eldrebølgja komen lenger enn i mange andre kommunar. Det merkar også hjelpemiddelsentralen.

Ikkje berre eldre
Men det er ikkje berre eldre som får hjelp. Det kan også vere menneske med helseutfordringar etter slag, ungar med utviklingsutfordringar eller at ein har kognitive utfordringar ein strevar med. Judith fortel at det har vore ei rivande utvikling i hjelpetilbodet dei siste åra:
– I mange år dreiv eg denne tenesta åleine. No er vi fleire, og det er bra for det blir mykje bilkøyring i ein så stor kommune som Bremanger med tanke på areal.
Folk set pris på tenestene
Judith Ekerhovd fortel at kommunen har utvikla tenestene heile vegen. Dei hjelper også til med råd og vink dersom ein treng å bygge om ein del av huset med tanke på alderdomen, har behov for betre tilkomst ,eller det kan vere andre ting som vil lette kvardagen for brukarane.
– Det er veldig kjekt å hjelpe folk, og vi ser at eit styrka tilbod blir sett pris på, seier ho.