Klart for ny brannstasjon

Store raude dører til brannstasjonen i Svelgen. Foto.
Foto: Bremanger kommune
Den nye brannstasjonen i Svelgen opnar torsdag 5. juni klokka 16.00. – Dette blir den nye hovudbrannstasjonen i kommunen, seier kommunalsjef Karl Vidar Førde.

Han fortel at på den offisielle opninga vil mange av dei 50 frivillige i brannvesenet i Bremanger vere med. 20 av desse er stasjonerte i Svelgen, åtte på Davik, ti på Hauge og ti i Kalvåg.

– Etter den offisielle opninga blir det omvising i dei nye lokala, fortel han.

Etter det igjen blir det program for brannmannskapet i kommunestyresalen på rådhuset frå klokka 17.00.

– Då kjem organisasjonen Brannmenn mot kreft, samt Fagforbundet og interne ressursar, fortel Førde.

Brannmenn mot kreft kjem fordi brannmenn er meir utsette for enkelte krefttypar enn det andre yrkesgrupper er. Så dette skal dei fortelje meir om.

Samarbeid med Elkem

Brannvesenet i kommunen har hatt eit godt samarbeidd med Elkem gjennom mange år, og slik vil det halde fram. Skilnaden framover blir at stasjonen ligg utanfor porten til Elkem.

– Vi samarbeider med industrivernet på Elkem, men har også eit samarbeid som gjeld brann, redning og akuttberedskapen, seier Førde.

Rimelegare enn i Måløy

Prosjektleiar Frank Husevåg fortel at kostnaden totalt sett for den nye stasjonen kjem på ca. 24 millionar. Han legg til at dette er om lag som budsjettert, og noko rimelegare kvadratmeterpris enn for tilsvarande bygg i til dømes Måløy. Det er nokre forskjellar i utføring og materialval, men ein har fått ein ny og moderne ny brannstasjon i Svelgen, som vil fungere godt og etter intensjonen. Husevåg legg til at det meste er klart til opninga den 5. juni.

God beredskap i Bremanger

Leiar for beredskap i Kinn kommune, Robert Endestad, har ansvar også for Bremanger. Han fortel at beredskapen i Bremanger er god:

– Vi har fire brannstasjonar i kommunen. I tillegg til Svelgen har vi stasjon på Davik, Hauge i ytre og i Kalvåg. I tillegg har vi depot i Berle, Leirgulen, Botnane-Årebrot (saman  med Kinn) og snart også i Ålfoten, fortel han.

Beredskapsleiaren legg til at mange av dei frivillige går skift, og at nokre av dei er på sjøen.

– Folk har forskjellig arbeid, men vi har mykje nytt utstyr og bra med bilar. Så dette blir bra. Bremanger får no ein moderne ny stasjon som rett nok er ubemanna, men likevel fungerer på alle vis slik vi har tenkt at dette skal vere. Dette blir bra, seier han.

Endestad seier den nye brannstasjonen vil bli lettare tilgjengeleg for folk:

– Tidlegare låg stasjonen inne på Elkem. Tilgangen for folk flest blir enklare med den nye brannstasjonen fordi den ligg utanfor porten så dette ser vi fram til.

Lenke til organisasjonen Brannmenn mot kreft:

Brannmenn Mot Kreft – Fokus på problemområdet kreft hos brannmenn