Vilde og Leif Erik restaurerte gamalt hus

Kvinne og mann står oppstilt på ei mark og smiler til kamera. Foto.
Leif Erik og Vilde Senneset kjøpte eit gamalt hus i Bremanger, og fekk støtte av kommunen til å pusse opp.

Det staselege gamle huset ligg i Førs som er eit dalføre i enden av Førspollen. Leif Erik vaks opp i desse traktene, og Vilde tok han med seg heim etter nokre år i Bergen. Vilde kjem frå Garnes i Arna.

Vi var samde om å flyte til Bremanger og Vilde fekk jobben i kommunen. Det er vi glade for, fortel Leif Erik.

Biolog og hjortevilt

Som biolog fekk Vilde jobb på rådhuset i Svelgen. Der arbeider ho på landbrukskontoret.

Då eg studerte skreiv eg oppgåve om hjort, så det passar bra i Bremanger sjølv om eg ikkje brukar den konkrete kompetansen i det daglege arbeidet mitt på rådhuset.

Men du jaktar?

Ja, både eg og Leif Erik gjere det. Då vi kjøpte dette huset fekk vi også jaktløyve her, og vi fekk med ein støl på kjøpet, smiler ho.

Bremanger er ein av dei største hjortekommunane i landet ifølgje Vilde.

Reiser over heile Vestlandet

Som byggekontrollør for Statnett reiser Leif Erik over heile Vestlandet, men basen er alltid Bremanger.

Eg trivst i jobben, og er i tillegg aktiv politisk på kommunalt nivå og for fylkespartiet seier han.

Etter at dei overtok huset på Bergane har dei fått ansvar for eit småbruk på 18 dekar. Men mest av alt eit stor oppussingsobjekt som tar si tid.

Vi har pussa opp i to år, og kjem nok til å halde på ei stund til, forklarer Vilde.

Ho fortel at huset dei har kjøpt stod tomt i fleire år. Men så bestemte dei seg for å opprette kontakt med arvingane og fekk til ein dialog.

Enden på visa var at vi kjøpte, fortel dei. Dermed begynte det å totalrenovere, skifte kledning og gjennomføre full overhaling av alle rom. I tillegg kjellaren og alt som høyrer med der. Draumen er å etablere ein skikkeleg gamaldags bondegard med dyr og det gode liv på landet.

Vi skal ha villsau, ender, hest og hund, fortel Vilde.

At det også blir hjortejakt treng ingen vere i tvil om. Då vi var der stod det fem hjortar på heimebøen, og kika ned på dei nye eigarane.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.