Leirgulen Handel vil utvide opningstidene

Therese Kolseth driv Leirgulen Handel saman med mannen.
Therese Kolseth driv Leirgulen Handel saman med mannen.
Therese Kolseth og mannen, som driv Leirgulen Handel, vil utvide opningstidene og gjere butikken meir sjølvbetjent slik som på Davik og i Ålfoten.

Butikken har dei drive i 16 år. No er dei i dialog med det statlege Merkur-programmet for økonomisk støtte, og fagleg bistand.

Konsulent Atle Stalheim, som er knytt til Merkur-programmet, seier at Leirgulen Handel er ein god kandidat, men at det er Distriktssenteret som avgjer søknaden. Stalheim fortel at mange liknande butikkar i bygdene på Vestlandet har fått støtte dei siste åra.

Avital og Therese driv butikken i Leirgulen.

– Ein brukar bank-kortet for å komme inn på butikken. Deretter hentar ein dei varene ein treng og betalar.

– Og om nokon vil stele med seg litt ekstra?

– Faktisk er svinnet mindre i desse butikkane enn i andre matbutikkar. Det kan skuldast at det er vanleg å montere om lag 20 kamera, og det er gode tryggingssystem.

Men om Leirgulen Handel får støtte frå Merkur er ikkje det nok. Stalheim seier ein ikkje kjem i mål berre ved hjelp av det offentlege.

– Ein må investere av eigne midlar for å få dette til. I ein del tilfelle stiller kommunen opp, slik som i Bremanger. Eg syns det er prisverdig at kommunen ser verdien i lokalbutikken og gjer handling av ord, seier han.

Atle Stalheim i evoSpor.

Nye tider til påske

Therese fortel at dei har søkt både Merkur-programmet og Bremanger kommune om støtte.

– Vi har søkt kommunen om 200 000 i ansvarleg lån. I tillegg 50 000 i bedriftsviklingstilskot. Økonomien i butikken er no så krevjande at det går ikkje utan slik støtte, fortel ho.

Dersom alt går etter planen, som det ser ut til å gjere, blir det nye opningstider ved påsketider.

– Kanskje held vi opp til 22.00. Vi har ikkje sett på detaljane heilt. Men noko sånt blir det nok.

– Det ligg gunstig til ved ein trafikkert veg?

– Ja, og nokon kjem med båten, eller reiser forbi butikken av andre grunnar. Vi satsar på dette fordi vi trur det kjem til å gå bra.

Kommunen gav støtte

På det siste formannskapsmøtet i september kom gladmeldinga om at dei folkevalde er positive til å hjelpe Leirgulen Handel økonomisk.

I saksutgreiinga heiter det at nærbutikken er meir enn daglegvarer. Stadig fleire kommunar brukar nærbutikken til å styrke både tenestetilbodet, og den lokale samfunnsutviklinga.

Butikken er også ein viktig møteplass i lokalsamfunnet. I tider som dei vi no lever i, er også spørsmålet om beredskapslager for Leirgulen-området sentral for vurderinga til dei som skal avgjere dei ulike søknadane.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.