Løftar fram den gløymde historia om Grotle

Første kyrkja på Grotle ca. 1315. Skissa er laga av Anders Kvåle Rue.
Første kyrkja på Grotle ca. 1315. Skissa er laga av Anders Kvåle Rue.

Ei irsk prinsesse, ein lokal riddar og kvinnene som redda ein kyrkjegard frå forfall. Historia om Grotle gamle kyrkjegard rommar meir enn mange er klar over.

Ferdig restaurert
Onsdag 2. desember klokka 19.00 inviterer Sogenemnda i Bremanger til boklansering i Kulturhuset Heimen på Hauge. Leiar i sogenemnda, Liv Marit Bøen seier teksten om kyrkjegarden er ein del av ein lengre prosess:

– I mange år jobba vi med å restaurere kyrkjegarden. Deretter fekk vi på plass skilt, informasjonstavler og gangveg frå parkeringsplassen som gjer kyrkjegarden tilgjengeleg også for rullestolbrukarar. No kjem historia om kyrkjegarden med alt som ligg i det. Vi håpar mange kjem på lanseringa for dette er interessant stoff, seier ho.

Kirsten Grotle og Liv Marit Bøen på Grotle. Foto: Seline Haug-Larsen/Fjordenes Tidende.

Legenda om dei irske prinsessene
Forfattar Dag H. Nestegard er opptatt av kysthistoria. Han seier vi veit mykje om Selja og Kinn. Søstrene Sunniva og Borni kjenner vi frå kulturhistoria:

– Men Grotle har også ei historie å fortelje. Mellom anna om den tredje søstera som blir kalla Ingebjørg. Ho skal ha drive i land med skipet sitt på Bergeneset ved Grotlesanden.

Dette er opplysningar forfattaren fann i ein rapport frå Riksantikvaren.

– Dette er legendemateriale, så ein må sjå på det som det, seier han. Ingebjørg blir i litteraturen samanlikna med Maria Magdalena som ifølgje Bibelen skal ha salva føtene til Jesus.

Kongsdøtrene i Kinnakyrkja. Frå venstre: Sunniva (med kalk og tårn), Borni (med bok i handa og tussen Vindfløy ved føtene) og Ingebjørg med salvekrukke. Foto: Jiri Havran.

Kvinnene redda gravplassen
Den første kyrkja på Grotle blei sett opp tidleg på 1300-talet av ein lokal adelsmann. Så gjekk det fleire hundreår før den siste gudstenesta vart halden i den siste kyrkja i desember 1865. Denne kyrkja blei då riven, og gravplassen glei inn i ein tornerosesvevn.

Etter krigen var kyrkjegarden prega av forfall. På 1980- og 1990-talet engasjerte så lokale eldsjeler seg for å ta vare på det unike kulturminnet.

– Særleg kvinnene har hatt ei viktig rolle i arbeidet med å restaurere kyrkjegarden. Mellom dei er Amanda Igland, Liv Marit Bøen og Kirsten Grotle som på ulike måtar har arbeidd for å dokumentere og ta vare på plassen for ettertida. Det er nok dei vi skal takke aller mest for det resultatet vi ser i dag, seier Nestegard.

Boka om historia til kyrkjegarden vil vere til sals under arrangementet. Det blir enkel servering.

Forfattar Dag H. Nestegard. Foto: Renate P. Johnsen.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.