Ein volontør er ein frivillig som arbeider gratis for ulike aktørar mot at dei får dekka kost og losji. Dei tre jentene frå Tyskland er her gjennom eit EU-prosjekt som har tittelen «Det europeiske solidaritetskorpset». Her er lenke til nettsida til organisasjon ECCO:
https://youth.europa.eu/home_en
Ei arbeidsveke kan vere svært variert. Ein dag vaskar dei, og ein annan skal dei kanskje hjelpe til på eit kontor eller bidra på heilt andre måtar. Ingen dagar er like, Det er vel akkurat dette varierte livet som gir trivsel, og nye opplevingar.
Haikar mykje på tur
Dei tre er særleg begeistra for naturen i området og skryt av både fjella og Grotlesanden. Dei bur saman i eit hus på Langeneset, og fortel at dei ikkje har bil. Difor haikar dei når dei skal på tur.
– Og det har vi gjort mykje, ler dei.
Lucia (t.v.) er frå Dresden i aust. Polina er opphavleg frå den ukrainske byen Kharkiv, men flytta til Tyskland med familien då ho var ni år gamal. Pauline er frå Køln i det vestlege Tyskland.

Jentene trivst godt på ungdomsklubben Realen.
70 volontørar så langt
Anita Løwer, som er primus motor for opplegget, fortel at dei har hatt nokre ungdomar til Svelgen gjennom åra.
– Vi starta opp i 2018, og har hatt 70 stykke på opphald etter det, fortel ho.
– Betalt av EU?
– Ja, er dei som finansierer dette. I tillegg har vi har fleire internship som er ei litt anna ordning, så dette er berre positiv for oss.
Den EU-finansierte ordninga gjeld for ungdom mellom 18 og 30.