Rekordbesøk på Grotlesanden

Folksam sandstrand, med mange på stranda og i sjøen. Foto.
Grotlesanden
Grotlesanden har opplevd rekordbesøk denne sommaren. – Frå midten av juni til midten av juli var det 2.500 betalande bilar der ute, seier kultursjef Norvall Klungresæter i Bremanger kommune.

Han fortel at Grotlesanden er meir populær enn nokon gong, og at det har vore mange bilar, syklar og gåande på fylkesvegen gjennom Bremangerbygda denne sommaren.

Meir enn ti tusen på sanden

Reknar ein to menneske per bil har det i alle fall vore fem tusen besøkande på sanden mot storhavet dei siste månadane.

– Men vi har også hatt tilreisande på sykkel, og med båt. Dermed er det nok inga overdriving å seie at talet kan ha passerte 10.000, seier Klungresæter.

Tilde (t.v.) og Synnøve skal snart i gong med eit nytt skuleår på Hauge.
Tilde (t.v.) og Synnøve skal snart i gong med eit nytt skuleår på Hauge.

Vakter frå ungdomsskulen

Kommunen har engasjert vakter til parkeringa  frå ungdomsskulen på Hauge. Ungdomane tar seg av billettane, og viser kor ein kan parkere. Tilde Brekke og Synnøve Vike fortel at det har vore mykje nordmenn, men også turistar frå Europa så langt i år.

– Og faktisk ein del frå USA, smiler dei.

Bilane har turistane parkert langs vegen på begge sider ut mot den asfalterte plassen i enden av vegen.  Kommunen er i dialog med grunneigaren om kjøp av meir areal til parkering. Det er også planar om eit servicebygg, og ein liten kiosk ved stranda fordi kapasiteten denne sommaren igjen har vist seg å vere pressa.

Fleirdobling av folketalet

I Bremanger bur det godt 3.400 fastbuande. Davik Fjordparadis, Bremanger Fjordhotell og Knutholmen i Kalvåg rapporterer alle om godt besøk den siste tida. Dermed kan ein trygt seie at folketalet i kystkommunen har mangedobla seg denne sommaren.  

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.