Det er ordførar Anne Kristin Førde som fortel dette. Ho seier at Bremanger kommune har signert ein samarbeidsavtale om beredskap med NKS Sanitetskvinnene:
– Det betyr at vi stiller med frivillig personell ved pandemi, ulykker eller kriser.
Signerte med sanitetskvinnene
I mai signerte kommunen Omsorgsberedskapsavtalen med Bremanger Sanitetsforening. Avtalen er inngått med dei fire NKS foreiningane og Bremanger kommune og gjeld for perioden 2025- 2027.
Bremanger NKS omsorgsberedskapsgruppe består i denne samanheng av:
- Kolset NKS omsorgsberedskapsgruppe.
- Davik NKS omsorgsberedskapsgruppe.
- Svelgen NKS omsorgsberedskapsgruppe.

Frå fylkesårsmøte.
Bygdene fekk heider
Anne Kristin Førde seier det var ei stor ære å få spørsmål om å vere ordstyrar på fylkesårsmøtet.
– Det sa eg sjølvsagt ja til. Det er imponerande å sjå kor mykje frivillig innsats som vert lagt ned av saniteten, og kor stor betydning dette har for mange i lokalmiljø i fylket vårt, seier ho.
Ordføraren legg til at det var ekstra gledeleg at Kolset, Davik og Bremanger fekk pengar frå det som heiter Solfondet.
– Støtta vil bidra til meir aktivitet, sosiale fellesskap og gode opplevingar lokalt, seier ho.
Ekstra utmerking til Svelgen
Ho fortel at Svelgen Sanitetsforening fekk ei spesiell utmerking på årsmøtet. Dei mottok nemleg diplom for Årets vervar 2025 i NKS Vestland Sogn og Fjordane.
– Det er ei velfortent utmerking for fantastisk innsats, smiler ho.