Dei blide elevane vart ønskt velkomen på Samfunnshuset av Astri Berle, leiar for Svelgen sanitetsforening.
– Vi synest dette er veldig kjekt, seier ho.
Det er på ellevte året at skulelunsjen blir arrangert, som på desse åra har blitt ein kjær tradisjon for elevane.
Inne i Storsalen har sanitetskvinnene dekt opp eit flott langbord med rundstykker og masse godt pålegg. Praten går livleg kring borda, og det er heilt tydeleg at elevane storkosar seg.

– Kjempeheldige
Driftssjef ved Svelgen Oppvekst, Ingrid Leite Loftheim har berre godord å seie om skulelunsjen:
– Dette er ein utruleg kjekk tradisjon som vi set veldig stor pris på. Vi er kjempeheldige som vert invitert år etter år.
Når lunsjen er over, kjem representantar frå elevane og held takketale til Sanitetskvinnene.
– Tiandeklassingane spurte om dei kunne få lov til å kome neste år også, seier Astri Berle og ler.

Lang historie
Norske kvinners sanitetsforening (NSK), eller Sanitetskvinnene er ein landsdekkande humanitær organisasjon som vart stifta i 1896.
Dei driv frivillig arbeid innanfor helse- og sosialområdet med vekt på kvinner si helse og livsvilkår. Det er lokalforeiningar i heile landet, som til saman har over 45 000 medlemmar. I vår kommune inkluderer det Svelgen, Bremanger, Kolset og Davik.
Mottoet fram mot 2030 er: «I front for kvinner si helse – trygge og gode liv for alle».
NSK tek sikte på å vere den framste bidragsytaren for forsking på kvinnehelse. Astri Berle kan fortelje at ein del av inntektene frå den årlege basaren går til nettopp dette arbeidet.

Sterkt engasjement
Ikkje minst har Sanitetskvinnene i Svelgen eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet, og er initiativtakar til mange trivselstiltak i bygda.
I tillegg til den populære skulelunsjen, arrangerer dei babysamling på Samfunnshuset, og delar ut handdukar til barselforeldre. Dei støttar skulemusikken, og Svelgen Opp og Fram.
Ein gang i året lagar dei til kosestund på omsorgssenteret med kake, kaffi og underhalding. På haust og vår inviterer dei til det dei kallar for Kløverturar kvar 14. dag. Då er alle som vil velkomne til å gå tur saman, for så å avslutte med ein kaffi på kaféen.
Omsorgsberedskap
Sanitetskvinnene har også ein annan viktig funksjon i kommunen vår.
Alle dei fire lokalforeiningane har nemlig slått seg saman til ei omsorgsberedskapsgruppe. Dette går ut på at dei har ei samarbeidsavtale med kommunen, og vil ved ei krise stille opp med hjelp til å skaffe husly, mat og omsorg til dei som treng det, til dømes ved ein leiteaksjon, pandemi, naturkatastrofe og så vidare.
Dette er rekna som eit viktig supplement til det offentlege beredskapsarbeidet i ei krise.