Snart full 5G og fiberdekning

Tre menn står oppstilt framføre rådhuset i Svelgen. Foto.
Bremanger har snart full 5G og fiberdekning. – Vi reknar med at i desember er det meste gjort, seier kommunalsjef Karl Vidar Førde.

Det gode liv i bygdene 

Den digitale oppgraderinga i kommunen betyr at tilbodet i Bremanger blir like godt som andre stadar med full 5G og fiberdekning. 

– I praksis betyr dette at ein kan leve det gode liv på bygdene våre, og samtidig ha gode digitale tilbod, seier Førde. 

Han legg til at god nettkapasitet er viktig både for næringslivet og for private: 

– Og det er viktig for skulane våre. 

5G er ei forkorting for femte generasjons mobiltenester i mobilnettet. Teleselskapa har dei siste åra bygd ut 5G-nettet i dei store byane. No er denne utviklinga også komen til Bremanger. 

– Her er halve jobben gjort. Telenor reknar med å vere i mål til jul, fortel Førde. 

Raskare nett 

Når det gjeld breiband fortel kommunalsjefen at Førde-baserte Enivest var med i ein tidleg fase då ein bygde ut i Kalvåg og ytre Bremanger. Etter den tid har arbeidet halde fram i andre former. 

– No har vi hatt tre rundar med Telenor som har levert fiber til nesten 800 adresser i kommunen, seier han. 

I desember fullfører Telenor arbeidet med fiberutbygging for bygdene Liset, Eikeland, Nesbø og Dyrstad. 

I praksis betyr dette at den digitale kapasiteten i Bremanger snart blir høgare og signala går raskare enn tidlegare når alt det nye er på plass. 

– Når utbygginga er ferdig vil det over 100 år gamle koparnettet i Bremanger vere erstatta med eit nett for framtida, og det er vi glade for, smiler kommunalsjefen. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.