Sommarsesongen opnar i Vingen

Idylliske Vingen.
Idylliske Vingen.
No kan du igjen besøke dei sjeldsynte helleristningane ved Frøysjøen.

Sesongen opnar 26. juni. Renate P. Johnsen i Bremanger kommune fortel at båten går frå Florø og Smørhamn kvar fredag:

– Då har vi turar til og med 21. august. Johnsen seier at i år kan familiar få rabatt.

Åse Leirgulen er ein av fleire guidar.

Eldgamal bergkunst
Helleristningane i Vingen er fleire tusen år gamle. Feltet ved Frøysjøen er av dei største i Skandinavia, med meir enn 2 200 figurar, hovudsakleg av dyr frå hjorteslekta. I Vingen kan ein sjå bergkunst frå eldre og yngre steinalder.

– Vi gler oss til ein ny sesong med besøkande. Det er ein balansekunst å bevare eit sårbart miljø, med eit ønske om å vise fram denne flotte staden, seier Johnsen.

Talet på besøkande er aukande, og folk kjem frå nesten heile verda.

– Dei siste som var på besøk kom heilt frå Australia for å besøke Vingen, fortel Johnsen.

Det finst også bergkunst med menneske som motiv.

Må ha med guide
Kultureininga nyttar høve til å minne om at dei som vil gå i land i der, må ha med opplært guide. Besøka må meldast inn til kommunen på denne e-posten: post@bremanger.kommune.no

– På den måten er vi alle med på å ta vare på denne unike kulturskatten, avsluttar Johnsen.

Sjekk ut nettsidene til Bremanger kommune for praktiske opplysingar dersom du vil ta ein tur.

Vingen byr på meir enn 2000 helleristningar.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.