Suksessforfattar til Svelgen

Anita Østerbø kjem til Svelgen.
Anita Østerbø kjem til Svelgen.
Forfattar Anita Østerbø, som har skrive romanserien «Skammens mødre», kjem til Bremanger Fjordhotell onsdag 20. mai klokka 18.00.

Østerbø har skrive fire romanar i serien, og opplaget nærmar seg 100.000. Dei siste åra har ho slått sterke namn på bestseljarlistene nasjonalt, som Jo Nesbø og danske Jussi Adler-Olsen.

Ylva Seljenes, som er biblioteksjef i Bremanger, fortel at bøkene til Østerbø er populære lokalt. Dei låg på utlånstoppen i 2025, og så langt i 2026.

Indie-forfattar
På same måte som «Fifty Shades of Grey» kom ut frå ingenting, debuterte også Østerbø på eige forlag med dei to første bøkene sine. Ingen ville ha manuset. Likevel; dei to første bøkene, «Skammens mødre» og «Tatt av sviket», låg 20 veker kvar på bestseljarlistene.

Anita Østerbø fotografert på barneheimen i Bergen. Foto: Privat.

Skriv om eige liv
«Frihetens smerte» er tredje bok i serien som er basert på Østerbøs eiga familiehistorie. I romanverket fortel ho om sin eigen start på livet, og skamma åleinemødrene på 50- og 60-talet blei påførte.

Den tredje romanen, som kom på Kagge Forlag,  handlar om 1980-talet. I den fjerde boka er fokuset på Ingrid som har fleire likskapar med forfattaren. Tittelen på det fjerde bandet er «Ingrids valg».

Anita blei sjølv plassert på barneheim i Bergen dei første to åra av livet sitt – fordi mora blei gravid utan å vere gift.

Fire romanar så langt
Østerbø vaks opp i Bergen. No bur ho på Tysnes i Sunnhordland der ho jobba som lærar fram til ho debuterte som forfattar. Her er bøkene i serien så langt:

  1. Skammens mødre (2021).
  2. Tatt av sviket (2023).
  3. Frihetens smerte (2024).
  4. Ingrids valg (2025).

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.