Jens spelar trekkspel, og står for tylepratet. Vidar spelar både flatfele og hardingfele, og driv også med tyleprat. Det blir to konsertar i ytre, og to i Svelgen. Arrangementet er gratis.
Sogningar båe to
Det er to glade karnaljar vi har med å gjere for å låne ei linje frå Jakob Sande.
Jens Brekke er lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik i Sogn. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje.
Vidar Henning Underseth er frå Solund, og har som dansar vunne Landskappleiken i pardans fleire gonger. Då dansa han med Hilde Bjørkum som i mange år var sjef for Førdefestivalen.
Til Havlys og Bremanger Fjordhotell
Onsdag 6. mai spelar dei på Bremanger sjukeheim klokka 11.00. Havlys B&B same dag klokka 18.00.
Svelgen dagen etter den 7. mai. Først på Svelgen omsorgssenter klokka 11:00. Deretter Bremanger Fjordhotell klokka 17:00.
Dette blir heilt sikkert kjekt!
