Kommunalsjef Gro Abildsnes er prosjektleiar, og seier prosessen er i ein tidleg fase:
– Vi har fått eit mandat frå formannskapet og skal arbeide fram mot kommunestyremøte i juni.
Kolset skule er vald som mogleg lokale fordi det vil vere i tråd med planen for etterbruk av kommunale bygg som i dag står tomme, eller er lite brukt. Dessutan tronar Hornelen over området, som for mange tilreisande vil vere eit spektakulært syn.
Vil lære av andre
Så langt har ein administrativt sondert terrenget for kva det betyr å etablere eit slik senter. Deretter skal det gjerast ein grundig jobb med forstudie og konseptskisse.
– Tanken er at senteret skal ha eit tett samarbeid med skuleverket og reiseliv i regionen, og vere ein naturleg møteplass for lokalbefolkninga. Men vi er i ein tidleg fase, og det er viktig for oss å understreke, seier Abildsnes.

Skulen ligg nær både veg og sjø.
Referansegruppe med Kolset Krins
Det er oppretta ei referansegruppe der Kolset krins Utvikling er med. Også Universitetet i Bergen, Vestland Fylkeskommune og aktørar frå reiselivsnæringa er med i den gruppa.
Fordi prosjektet er i ein tidleg fase er det mykje som ikkje er avklart.
Likevel kan eit naturleg utgangspunkt tematisk for eit slik besøkssenter vere det såkalla KULA-området midt i kommunen. Då tenkjer ein på Vingen-feltet, Hornelen og gravrøysene i Botnane, i tillegg til Ålfotbreen landskapsverneområde.
Den interne fristen for å levere konseptskisse for besøkssenteret er sett til midten av mai. Deretter kjem saka til kommunestyret for behandling der, og avklaring om dette er noko ein skal gå vidare med eller ikkje.