Her kan du sjå korleis brosjyren ser ut: https://www.visbrosjyre.no/GodeBremanger/WebView
Fekk du meg deg filmen på side sju?
Støtte frå næringslivet
Sentrale aktørar som Elkem, SFE og Bremanger Quarry er alle representerte. I tillegg Klausen industrier og ei rekke andre verksemder. I brosjyren kan du klikke deg inn på dei ulike godane Rekrutteringspakken tilbyr, og sjå kva som kan vere av interesse for deg og dine.

Illustrasjon frå brosjyren.
Visuelt sterk kommune
Bremanger kan som kjent by på eit vell av naturopplevingar. Ikkje berre i ytre med Grotlesanden, Vetvika og Kalvåg. Her er også dei unike fjellformasjonane under Ålfotbreen omtalt. Og det legendariske fjellet Hornelen som Snorre skreiv om på 1200-talet.
Vi bur i ein vakker kommune, og det ser ein av dei mange bileta i denne publikasjonen. Undervegs på dei kulørte sidene kan du bli kjend med bygdene, illustrert med foto og tekst.

Frå Galleri Torsheim i Kalvåg.
Oddny er med
Og det rike kulturlivet har fått omtale. Oddny er som kjent i vinden om dagen med store konsertar både i Oslo og Bergen. Idretten er på plass, men også bergkunsten i Vingen.
I brosjyren finn du sentrale telefonnummer og e-postadresser dersom du har spørsmål om kommunen og livet her hos oss. Kommunen som strekkjer seg frå hav til bre.